Mat på tur

Det er kanskje litt merkeleg, men for oss er det faktisk maten som har vert, og som vi trur blir den største utfordringa med denne turen. Vi er begge svært glade i god og sunn mat, og det å skulle ete 1/2 pakke kjeks, 100gr sjokolade, 150gr peanøtter/cashewnøtter, søte havrebomber, brownies, og drytech kvar dag i 120 dagar vert ikkje sett fram til med den største begeistring.


Her er det vi landa på til slutt! ;-)



Frukost:
Møllerens Energihavregraut (sjå sponsorsida)
Nøtteblanding: Hassel, valnøtt, mandel, rosiner, superfrukt
Superfrukt: Gojibær, cranberries, molbær, blåbær, mango, incabær, chia frø
Knekkebrød
Kokosolje (innimellom for å auke energiinntaket)


Lunsj:
Haverebomber
Sjokolade / Brownies frå møllerens (sjå blogg); 70% og div freia sjokoladar
Tørka frukt: Aprikos og superfrukt (som over)
Nøtteblanding salt: Peanøtter, cashewnøtter, macadamia og superbær
Kjeks: Bixit sjokolade og orginal, gjende sjokolade og orginal, bixit bar, kornmo
Kakao


Middag:
Dryteck
Potetmos
Solbærtoddi
Ingefærte
Chips



Oppskrifter på det vi har baka...


Havrebomber
500g havregryn
500g smør
500g sukker
2 nevar tørka aprikosar
1/2 plate kokesjokolade
2 nevar mandlar
2 nevar hasselnøter


Hakk aprikosar, sjokolade, hasselnøtter og mandlar, bland med sukker og havregryn. Smelt smøret, tilsett alt det tørre og bland godt. Hell blandinga over i ei langpanne - deiga skal vere 2-3cm. Steik heile greia i omnen på 170 grader i 15-20min. Du ser når det er klart. Ta ut, la kjøle seg og skjær i høvelege betar.


Knekkebrød
2dl Havrekli
2dl Sesamfrø
2dl Linfrø
2dl Solsikkekjærner
2dl Rugmjøl (sammalt grov)
2dl Mandlar
2dl Valnøtter
2dl Hasselnøtter
1ts salt
7dl vatn


Knus nøttene i blendar/stavmiksar/foodprosessor. Knus gjerne frøa og for å få ei fastare deig. Bland alle tørre ingrediensar og ha i vatn. La deiga stå i ca 15-20min. Fordel deiga utover 2-3 langpanner alt etter kor tjukke knekkebrød du vil ha. Del opp kekkebørda med pizzaskjærar i ønska størrelser (lettare å bryte opp etter steiking da..) og strø gjerne litt maldonsalt på toppen for å få ekstra piff. Steik i omnen på varmluft 170*C i 45min, opne døra litt innimellom for å sleppe ut fuktigheta. Steik deretter på 100*C i 30min (eller til dei er heilt tørre).


Ellers har mamma, Grethe, baka browniekake til oss som vi gledar oss til å få på Røros :)







1 kommentar:

  1. Håper dere har lagt inn noen overraskelser på depotene så dere kan få opplevelser liknende denne karens:

    http://www.youtube.com/watch?v=vC8gJ0_9o4M

    Hilsen Even

    SvarSlett