lørdag 17. september 2011

Vi går Rett Vest for å teste formen!

Vi testar formen igjen! Rett Vest: 8 fjell; 5mil og 3000m oppoverbakke :-)

Marita, Mona og Elisabeth skal prøve seg på Rett Vest løypa ein nydeleg septemberdag. No skal vi teste formen etter ein lang og god sommarferie! Vi starta på Gullbotn kl 0730 og fekk med oss både månen og soloppgangen.

Marita og Mona har funne første RettVest skilt! Ved supergodt mot traskar vi over myra og opp mot første toppen, Gullfjellet!

Det går i jamnt tempo oppover. Litt treige lår på morgonkvisten, men det kjem seg sikkert etterkvart ;-)

Med nydeleg morgonsol i ryggen nyt vi turen oppover! Tenk at Bergen viser seg frå si beste side akkurat i dag!


 YES! Vi nådde første toppen! Gullfjellet! No er det berre 7 fjell att! 


Vi nådde fjell nr 2, Austetinden og nr 3 Slettegga utan større utfordringar. Det er jo berre å gå og nyte naturen! Herleg!


 Sjokoladepause på toppen av fjell nr 4. Livarden!

Halvvegs! No gjenstår Ulriken, Løvstakken, Damsgårdfjellet og Lyderhorn!  
Det var ei hard oppstiging mot Ulriken, men vi kjem oss opp til toppen av fjell nr.5, Ulriken! Jippi!

Veiret blei litt meir Bergensk når vi kom inn i byfjella, og vi måtte begynde å kjempa mot klokka ned fjell nr. 6, Løvstakken! 
Toppen av Fjell nr. 7, Damsgårdsfjellet! Her skjønar vi at det ser mørkt ut for Lyderhorn!

Vi kom ned frå Damsgårdsfjellet kl 20.30, nøyaktig 13timar etter vi starta på Gullbotn. Det var mørkt og vi måtte desverre droppe Lyderhorn. Men kjempe stolte og godt fornøgde med dagens trimtur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar