mandag 18. juni 2012

Dag 73: Mo i Rana - Nesna

67 km
7 timar

I dag er dagen, vi er veldig klare for å kome oss vidare på tur. Sekkane blir pakka og vi går spent avgårde for å hente dei splitter nye hybridsyklane våre med hengar. Hmm.. Elisabeth ser litt skeptisk på hengaren, trur du vi får plass til dei gedigne sekkane våre oppi dei der? Dei ser litt små ut. Marita er optimist og heilt sikker på at det skal gå fint. Ho har jo sykla med hengar med sekk i før og har peiling. Vi syklar fornøgde tilbake til hotellet og får oss ein testtur på posten med pakkar som skal sendast heim og til Alta. Så er det tid for pakking... Og med litt list og makt og godvilje får vi til slutt pressa sekkane med tilbrhør oppi hengarane. Elisabeth er heilt imponert. Vi får jammen prøvd oss på diverse pakkingar på denna turen smiler ho fornøgd ;-)
Så er det berre å setje seg på syklane og trø iveg ut mot havet. Det går som ein leik, oppover små bakkar, nedatt... Litt småskummelt i nedoverbakkane med dei tunge hengarane, men vi vert tøffare etterkvart. Rykk og napp, hmmm...har vi prøvd detta før eller? Tankane går til pulkdraginga for vel ein mnd sidan, vi ler. Etter vel ein time på setet dukkar det opp eit skilt; kjettingplass! Detta lovar ikkje bra.. Det betyr vel at det ventar oss ein bratt oppoverbakke, og jepp der er den. Vi tek ein nistepause, må ha litt energi før vi startar på den.. Vi hadde vel ikkje trudd at kystvegen var flat? Ehh... ;-) Det er den definitivt ikkje og vi må sette inn alle krefter vi har for å få den fullessa syklane over fjellet. Marita irriterar seg over ein lyd frå kjedet når det er i første gir. Vi stoppar, studerar giren, hmm.. Kanskje vi kan skru på denna? Eller denna? Nei det er nok best å ringe til butikken og høyre... Hehe.. Marita får tak i ein sykkelkyndig som kan berolige med at det ikkje er noko "farlig", og vi må ikkje begynde å skru... Ups. Ok! Skru tilbake...
Vi syklar veg nr 12 til vi kjem til Utskarpen, der er ein kafe. Hurra! Men den er kun open i helgene... Jaja, vi får ta lunsj på kaja vi då. Deretter syklar vi inn på veg nr 17 som går heilt til Nesna. Etter ei stund startar oppoverbakkane, og dei sluttar visst aldri. Marita slit med låra og Elisabeth har ei veldig sår rumpe... Men opp må vi. Vi jobbar og jobbar. Detta er nok siste bakken seier Elisabeth med ei overbevisning ho sjølv trur på. Marita er litt skeptisk, oj, endå ein bakke og ein til ;-) hehe.. Vi må le av oss sjølve, snakk om å sjekke ut ruta på førehand, men det var kanskje like greit at vi ikkje visste at vi måtte over to fjell for å kome til Nesna ;-) Endeleg er toppen der og vi kan kruse nedover og nedover... Vi finn fram til Nesna Feriesenter og leiger oss to små teltplassar heilt nede ved sjøen. Vi får mange gode padletips og vi gler oss til å ta årene fatt i morgon. Elisabeth er svært glad for at ho slepp å setje seg på sykkelsetet igjen med det aller første, det er ilt nok å sitte i sofaen... Hehe.. Sånn er det. Vi vert vel herda etter kvart tenker vi ;-)
Før vi kan krype inn i dei koslege små telta våre må det til ein  liten reparasjon av Marita si teltstang, den knakk siste morgonen i Børgefjell. Vi prøvar med gaffateip, men utruleg nok funkar det ikkje. Tilslutt må vi berre fjerne det knekte leddet og Marita får eit endå litt mindre telt. Så sovnar vi til måkeskrik og bølgeskvulp. Herleg!
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar