fredag 30. mars 2012

Klare til avreise

Då er dagen komen. I dag reiser vi sørover til Lindesnes. Bilden til Anne Linn er pakka stappfull av pulkar, baggar, ski, to depo, sykkelutstyr og syklar. Vi er snart ferdig med siste arbeidsdag på 4mnd, heilt utruleg herleg og samtidig litt trist med alle ein må seie hade til! 


Ferda til Lindesnes går frå Bergen via Haukeli, der vi set frå oss eit depo, og vidare ned til Lindesnes. Der satsar vi på å finne ein fin teltplass for natta og får oss ei etterlengta GOD natt søvn før reisa begynde.


Vi gledar oss veldig til første etappe som blir sykkel frå Lindesnse til Ljosland i morgon tidleg.


God Påske alle sammen og følg med - vi skal oppdater her så ofte vi har mulighet til det. Vi blir og glad for meldingar og mail undervegs :) 


Hurra!! :D

1 kommentar: