mandag 26. mars 2012

Pakking av depo!!

Det nermar seg avreise med stormskritt! I skrivande stund er det berre 3,5 dag til vi set kursen for Lindesnes... vi har endeleg fått pakka all maten i depoa og sendt det austover til foreldrene til Marita som er snille og skal sende ut for oss! TAKK!! :) 


Litt om pakking av mat:


For 2 veker sia sto vi midt oppi all maten vi har fått frå Kiwi Øyer og er litt tiltakslause og usikre på kor vi ska starte.. Det er så sjukt mykje mat! Mat til to personar i 4mnd.. hjelp! Men igang må vi, så medan Marita lagar middag set eg meg ned med vekt og ein haug nøtter og startar med å fordele utover i depo- og dagsrasjonar! Vi skal ha ein nøtteblanding med litt superfrukt i havregrauten til frukost og ei nøtteblanding med litt salt kvar dag til lunsj! 




Med ein god laksemiddag aukar energien og eit glas vin roar nervane ein smule og vi kan kome igang. Marita tar ansvar for sjokolade, kjeks og marsipan... :D



Elisabeth er stortilhengar av superfrukt/bær! Viktig med sunne ingrediensar i kosten og - ikkje berre sukker og feitt ;) litt vitaminar må til!



Marita viser stolt fram sin splitter nye sovepose... Gledar oss til å bli ferdige med pakkinga - men har det absolutt kjekt mens vi helde på! Det er ikkje langt mellom latterkulene denna kvelden.. hehe... ;-)

1 kommentar: