onsdag 3. august 2011

Treningstur over vidden!

Med 20kg i sekken testar vi formen Opp Ulriken og over Vidden...

8 månedar att til start! Hjertet gjer eit mikro hopp, vi har jo ikkje starta opptreninga enda.. Vi bestemmer oss kjapt for å ta ein ettermiddagstur over vidden med ein sekk på ca 20kg. 

Første utfordring: Å pakke ein sekk slik at den blir 20kg tung.. kven skulle vel tru at det ville vere utfordrande? Ikkje vi iallefall etter å ha gått eit år på friluftsliv, der sekken kvar einaste tur vart 20kg +, sjølv om vi verkeleg gjekk inn for å redusere innhaldet.. jaja... Med portvinsflaska som siste kilo spaserer vi avgårde frå Svartediket og opp mot Ulriken.

Utfordring nr 2: Å gå opp Ulriken raskare enn gjengen på 71* nord. Vi er optimistiske i starten, men ein skal jammen ikkje kjimse av ei tung bør. Vi klarer å nå toppen på rett under ein time.. Pjuhh!! Og etter ei lita kvilepause for å få att pusten, spaserer vi vidare glade og motiverte mot Vidden.



Utfordring nr 3: Mat. Tørka mat kan vere ei utfordring å få ned, spesielt dersom ein er litt utolmodig og ikkje klarer vente til kjøttbitane er blit mjuke, men skal man gå Norge på Langs, så må man lære seg å ete lett og praktisk mat. Vi utset matlaginga til vi er over sjølve Vidden. Då er det berre rundt svingen og over Rundemannen igjen. Magane rumlar og ingen av oss klagar på lapskausen - den var faktisk ganske god! (pjuhh.. det er best å vere skikkeleg svolten)


Utfordringar og utfordringar.. vi har nok større utfordringar enn detta i vente.. 


Den største utfordringa denne turen vert, iallefall for Elisabeth, då to tyske friluftsgutar kjem bråkande etter at vi har lagt oss god ned i soveposane...


"Her var ein fin teltplass!! Vi plasserer teltet vårt ved sida av det fine Fjellreven teltet der, og så pratar vi kjempe høgt mens vi riggar teltplassen..." 


Det er like før Elisabeth trampa ut av teltet i berre trusa og ber dei dra seg langt vekk.. men Marita avvergar situasjonen og det er berre å plugge i øyreproppane og roe ned pulsen.. så sovnar vi til slutt!! 


Vi gledar oss til fjellheimen, forhåpentlegvis utan altfor mange tyske turistar som ikkje skjønar at dersom der står eit lite telt heilt aleine i skogholtet, så finn ein seg eit anna skogholt å campe i... ;-)