fredag 30. mars 2012

Klare til avreise

Då er dagen komen. I dag reiser vi sørover til Lindesnes. Bilden til Anne Linn er pakka stappfull av pulkar, baggar, ski, to depo, sykkelutstyr og syklar. Vi er snart ferdig med siste arbeidsdag på 4mnd, heilt utruleg herleg og samtidig litt trist med alle ein må seie hade til! 


Ferda til Lindesnes går frå Bergen via Haukeli, der vi set frå oss eit depo, og vidare ned til Lindesnes. Der satsar vi på å finne ein fin teltplass for natta og får oss ei etterlengta GOD natt søvn før reisa begynde.


Vi gledar oss veldig til første etappe som blir sykkel frå Lindesnse til Ljosland i morgon tidleg.


God Påske alle sammen og følg med - vi skal oppdater her så ofte vi har mulighet til det. Vi blir og glad for meldingar og mail undervegs :) 


Hurra!! :D

mandag 26. mars 2012

Pakking av depo!!

Det nermar seg avreise med stormskritt! I skrivande stund er det berre 3,5 dag til vi set kursen for Lindesnes... vi har endeleg fått pakka all maten i depoa og sendt det austover til foreldrene til Marita som er snille og skal sende ut for oss! TAKK!! :) 


Litt om pakking av mat:


For 2 veker sia sto vi midt oppi all maten vi har fått frå Kiwi Øyer og er litt tiltakslause og usikre på kor vi ska starte.. Det er så sjukt mykje mat! Mat til to personar i 4mnd.. hjelp! Men igang må vi, så medan Marita lagar middag set eg meg ned med vekt og ein haug nøtter og startar med å fordele utover i depo- og dagsrasjonar! Vi skal ha ein nøtteblanding med litt superfrukt i havregrauten til frukost og ei nøtteblanding med litt salt kvar dag til lunsj! 




Med ein god laksemiddag aukar energien og eit glas vin roar nervane ein smule og vi kan kome igang. Marita tar ansvar for sjokolade, kjeks og marsipan... :D



Elisabeth er stortilhengar av superfrukt/bær! Viktig med sunne ingrediensar i kosten og - ikkje berre sukker og feitt ;) litt vitaminar må til!



Marita viser stolt fram sin splitter nye sovepose... Gledar oss til å bli ferdige med pakkinga - men har det absolutt kjekt mens vi helde på! Det er ikkje langt mellom latterkulene denna kvelden.. hehe... ;-)

tirsdag 13. mars 2012

Baking

Marita og eg er i full gang med baking. Marita har tatt ansvaret for Havrebombene, som er fantastisk gode!! (oppskrifter kjem på matsida) :D og eg har tatt på meg knekkebrødbaking - noko eg trudde eg kunne.. har hatt litt småproblem - men kan skulde på at ovnen er for ny og avansert for meg... så litt svidde i kantane har dei fleste blitt. 





Det er viktig med litt god drikke til matlaginga - her er Marita sine havrebomber ferdig pakka i dagsporsjonar! Gledar oss verkeleg til å gomle i oss desse.



Heilt ferske knekkebrød rett frå ovnen. Vi har improvisert litt og putta i ekstra med nøtter for å få opp kaloriinnhaldet. Og dei er kjempegode!! Iallefall dei som ikkje er svidd....




Litt uventa, men ikkje mindre gledeleg mottok vi 14 kasser med Brownie-bitar som vår kjære kollega Silje, har fått frå Møllerens etter ein liten datofeil. Desse skal bli gode å gnafse i seg på vår ferd nordover. NAM


Vi bakar vidare... oppskrifter kjem på matsida.. -- til dei som er interessert ;-)

mandag 12. mars 2012

Sponsor besøk



Siste helgen i februar dro Elisabeth til London og jeg tro hjem til Øyer for å besøke Kiwi og Fjellpulken. Grei arbeidsfordeling! :-) Kiwi i Øyer har så vært supernsille og sponse oss med masse tørrvarer som kjeks, sjokolade, solbertoddy, kakao, bakevarer til knekkebrød, snickerskake, havrebomber,  kaffe og diverse toalettsaker. De har også fått med seg Sætre, Freia og Kims på laget. :-) Varene ble plukket selv, og tusen takk til mamma som hjalp meg med "handlingen". 5 overfylte handlekurver var et faktum når vi var ferdige, og det var omtrent ikke plass til en hårnål i bilen på vei tilbake til Bergen. :-)


På vei tilbake til Bergen tok jeg turen innom Fjellpulken sine lokaler på Lillehammer. Som tidligere nevnt har vi vært og besøkt André Spica (samarbeidspartner med Fjellpulken), for å hente ut transporterbrett og drag. Jeg møtte Dag Ulven hos Fjellpulken og fikk nå hentet ut to stk selesekker og to stk pakkbagger. Tusen takk! :-)




Maten frå Kiwi :)


Pakkbag frå Fjellpulken!


Pulksekk frå Fjellpulken


Ein heil haug med Real Turmat.. 


I tillegg har Ulrike som vi begge gikk Friluftsliv sammen med i fjor laget disse to flotte flaggene til oss som vi skal ha med på turen. :-)