fredag 13. juli 2012

Dag 103: Olderdalen - Søkkemo camping

10 mil

I dag skal vi sykle langt. Lenger enn vi har gjort sia Lindesnes - Ljosland. Er vi klare for detta? Vel, eigentleg føles det ikkje slik. Sjølv om alle tre har sove godt er det tungt å stå opp, trøtte og slitne kosar vi oss med frukosten og utset å tenke på det som ventar. Hmm... Primusen er slutta å fungere.. Ikkje bra, vi testar og testar, nope. Den vil ikkje virke. Jaja, det va jo bra den kreperte før finnmarksvidda. Det ville blitt eit problem! Vi kjøper oss kaffi på ferjekaikiosken og tenker vi får stikke innom ein sportsbutikk i Storslett. Vi pakkar saman og set oss på syklane. Eit par hundre meter til coop marked. Må ha litt banane og sjokkomelk før vi startar! På vegen igjen kjenner vi at rompene er såre, beina tunge og kroppane trøtte. Vi tek ein stop i Djupvik. Elisabeth og Anders set seg rett ned på asfalten og slappar av, Marita, superfotografen vandrar avgårde for å dokumentere den vakre utsikten. Eit par kjeks, rompene har fått kvilt seg nokre minutt og det er påan igjen. Storslett next! 4 mil. Det må jo gå greit. Anders slit med eit kne. Det er ikkje berre berre å joine fjelljentene på tur. Den eine etter den andre vi har hatt med oss har blitt skada, er du neste Anders? Vi er litt bekymra.. Men han klarar seg! Fjellovergang! Ikkje ein liten ein heller.. Fleire kilometer oppover! Pjuhh.. Endeleg på toppen, kor er Anders? Jo der kjem han! Han henge med, sprekingen! Vi er imponert. Med over 20 kg på ryggen syklar han ilag med oss! Ikkje rart det blir litt vondt i rompa... Vi har vondt og det utan sekk! Ein god rastepause på toppen av fjellet før nedoverbakkane til Storslett. Der er vi framme. Rema100 og cola! Må ha litt påfyll! Anders har fortsatt vondt i kneet og bestemmer seg for å ta bussen til Alta. Kjipt, men smart. Det er ikkje vits i å øydelegge seg sjølv heller! Og han har no sykla langt, utan å ha trent til det! Fortsatt imponert vi! Etter å ha forlatt Anders i Storslett står 6 mil att for fjelljentene. Det er ikkje lett å motivere seg for detta i dag, vi er trøytte og slitne. Men we can do it! Første fjell går fint, ikkje så gale detta. Ned til ein fjord, ut fjorden, laaang fjord og der når vi Oksfjordhamn. Vi bestemmer oss for å ete middag her. Fram med den nyinnkjøpte primusen og Real turmat! Vi skal til å pakke saman, der er bussen til Alta! Åååå... Heldige Anders! Men we can do this!! Vi vinkar og bussen køyrer! Her blir dagens utfordring. 5,5km oppoverbakke, rundt 400m stigning. Ny rekord! Vi når toppen og er sjeleglade. Rompene verkar, men humøret stig. Nedoverbakke! Jippi! No skal vi berre inn fjorden, Badderfjorden, til Sekkemo camping. Det får halde. Sistebiten blir ståande på syklen... Auauau!! Åå så fint å vere framme! Vi slår opp telta og kastar oss i posane! I natt ska vi sove godt!!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar