tirsdag 17. juli 2012

Dag 106: Alta - Laudunvannet (Sennalandet)

4 km
1,5 timar

I dag skal vi opp på Finnmarksvidda. Elisabeth er nervøs, er ikkje akkurat myggens beste venn og har tidlegare møter med denne skumle skapningen friskt i minnet. Marita derimot er ikkje bekymra, mygg? Kan no ikkje vere så ille som alle skal ha det til ;-) Ho prøvar å roe ned Elisabeth utan det veldig store hellet, men på fjellet skal vi og det skal bli digg å kome vekk frå byliv, traffikerte vegar og digre, bråkete trailerar. Vi et frukost på gjesthuset, ein skikkeleg luksusfrukost ;-) før vi pakkar sekkane og tek ei drosje med alt pikkpakket til posten. Der får vi henta ut dei to siste pakkane med mat, aloe vera og myggnetting ;-) Vi står bak senteret og pakkar om mat og det som skal sendast heim, får sendt avgårde to pakkar og føler vi er blitt skikkeleg postekspertar, iallefall Marita som har heva kompetansen sin betrakteleg på detta området iløpet av dei siste mnd. Så står vi der, med sekkane våre og alt vi skal overleve på den neste veka. Vi set oss utanfor busstasjonen og et opp siste rest av den sunne lunsjmaten, no er det havrebomber, nøtter og sjokolade som gjeld att!
Vi fekk eit tips om å ta bussen opp på Sennalandet og gå derfrå. Dersom vi skulle gått frå Alta, måtte vi først gå sørover eit godt stykke, noko som fristar lite, ein kort halvtime med buss over tregrensa er nok det smartaste, så slepp vi milevis med asfalttraking og! Vi går av bussen ved Bigas, det bles kraftig, bra! Då held myggen seg vekke. Vi set kursen opp på fjellet i eit bedageleg tempo, klokka er ca 14 og vi har ikkje tenkt oss så langt denna første dagen, berre inn i fjellet. Etter litt over ein time i vind og høljeregn, finn vi ein fin campingplass, lyng ;-) det er godt å kjenne lukta av lyngen att og vi får med litt makt sett opp telta mot vinden! Det regnar og vi er trøytte. Inn i teltet og lese litt til regnet gjer seg :-) Digg digg! Begge to sovnar raskt og vaknar av at vinden bles teltduken i trynet på oss, hmm.. Vinden har snudd og det har slutta å regne, her er det berre å kome seg ut å snu teltet. Vi kokar opp vatn og tek med oss realen inn i telta. Trøtte som vi er etter bydagane sovnar vi tidleg! Pluggar i øyreproppane og ignorerar at vinden snur iløpe av kvelden og natta. ;-)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar