søndag 22. juli 2012

Dag 112: Lavvarjavri øst - Skarsvåg

28 km
8,5 timar

I dag skal vi faktisk starte tidleg, vi har eit langt stykke å gå og det er meldt masse regn til kvelden. Vi er oppe litt over 7. Marita har starta vannkokinga når Elisabeth klarer å karre seg ut av teltet, fortsatt vond rygg og lite søvn. Marita har vert kald i natt og! Det bles kaldt og er skikkeleg surt ute, Elisabeth er kvalm og vil ikkje ha frukost. Ska vi berre ta ein brownie/havrebombe to go? Så kan vi heller ete litt ein plass med ly? Jepp det gjer vi. Vi pakkar saman, ventar på at vatnet skal koke opp, noko det aldri gjer, her må det vere noko feil med den nye primussaken vår. Irritert heller vi det oppvarma vatnet på termos og går. Skyene ligg lavt og det er ikkje så lett å orientere i dag. Vi skal liksom gå mellom to toppar, som ikkje er toppar, men haugar, vi går på sida av eine haugen, så skal vi kome til nokre vatn, mellom to digre vatn. Det bles skikkeleg, og er ganske kaldt. Vi har eigentleg berre lyst ned frå fjellet. Då vi oppdagar å ha gått på heilt feil side av haugen og endt opp på feil side av eit digert vatn, foreslår Elisabeth å gå ned til vegen, på andre sida av fjellet enn det vi opprinneleg planla. Det høyres ut som ein kjempe god plan. Vi følgjer ATV-stien ned. Det er godt å kome ned i lavlandet, her er det litt mindre vind og vi kan smile litt igjen. Vi mimrar vidare om sykkeletappa og kor glade vi er for at vi bestemte oss for å reise ut til kysten og nyte bølgeskvulp og måkeskrik istadenfor det snødekka fjellet som både var kaldt og kunne blitt skummelt. Vi tenkjer på den den første dagen på sykkel over to fjell til Nesna. Vi ler. Det siste fjellet føltes ganske uoverkommeleg, men vi klarte det. Åhh.. Der er ei hytte, kanskje vi kan ete litt i ly av den... Hmm... Ein foss... Håper her er ei bru.. Nope ingen bru, dei som har hytte her har sikkert fancy ATV som ikkje treng bru over elvene.. Det er berre å ta på crocksa og vade over. Vel på andre sida hiv vi i oss litt sjokolade og chips og går fort vidare for ikkje å bli kalde. Vi når vegen, Marita skiftar til joggesko i le bak ei hytte. Elisabeth ventar litt med skobytte og brukar pausa til å hive i seg chips og sjokolade. Klar for asfalttrakking. Så kjem vi på at det kanskje er lurt å sjekke kor langt det er. Oj, 8 mil til Nordkapp. På to dagar? Det går ikkje, vi må oppatt på fjellet, det er 10 km over og 25 km rundt. Det er ikkje noko kjekt å tenkje på, men tanken på å gå rundt er verre, så vi følgjer ein sti oppatt på fjellet, til vi møter straumledningane og følgjer dei vidare. Prøvar å unngå haugane, best å spare på kreftene og unngå mykje stigning. I ein bakke litt i le for vinden set vi oss og tek oss ein lunka kaffi, dagens første... Vi et litt meir chips og sjokolade, litt kjeks og tenkjer med gru på all drittmaten vi har ete i dag. Men det funkar, ny energi til siste bakketoppen. Så er det nedover mot vegen på andre sida. Det startar å regne att. Vi når vegen og bak ein bobil tek Marita ein lita pause frå sekken som gneg i skuldrane, Elisabeth er så kald på fingrane at ho ikkje orkar å ta av sekken. Rundt den svingen og litt til så er vi ved tunnelen. Vi skal ete middag i opninga, i le for vind og ly for regn. På dei tre kilometrane bort til tunnelen vert Elisabeth kliss gjennomvåt. Tanken på å gå gjennom tunnelen, 200 meter under havet, 6,8km, er ikkje til å halde ut. Ingen tørre kle å ha på, alt er vått. Det høljar ned og bles, tårene pressar på. Då vi når tunnelopninga silar tårene, Elisabeth vil ikkje gå lenger. Marita har lyst å fortsette, men ikkje for ein kvar pris, vil ikkje Elisabeth så går vi ikkje. Elisabeth har skikklig dårleg samvittighet, men klarer ikkje tanken på den tunnelen! Kroppen ristar av kulde. Vi står i opninga, kler av oss det våte, tek på singlet og Marita låner vekk fleezen sin til Elisabeth, på med vindjakke og dunvest. Så står vi der og ser på turistbussane som stoppar, ein haug med turistar spring ut, tek bilde av skiltet, "Nordkapptunnelen", tilbake til bussen og køyrer gjennom. Åhh... Om vi berre kunna fått sitte på gjennom her! Til slutt bestemmer vi oss for å gå til busslomma og haike. Vi vert overraska då ein bil stoppar på andre forsøk. Ein hyggeleg mann, hotelleigar frå Skarsvåg og sønnen, dei skal til Skarsvåg og sida hotellet er fullt tipsar han oss om ein campingplass rett ved krysset mot Nordkapp. Svigerfaren eig plassen og han ringer og forsikrar oss om at det er ledig hytte til oss, med dusj! ;-)
Det er ikkje lett å ha køyrt dessa mila, vi skulle jo gå! Men slik veiret var, stiv kuling og høljeregn, klissvåte og kalde jenter, skjønar vi at vi har gjort det rette. No er det ca 13km til Nordkapp, i måra skal vi gå den strekninga uansett veir. Vi tek ein varm dusj, et Mountainhouse (nam), smågodt og chips, lyttar til vinden og regnet ute, hytta er ei badstue, men vi må tørke kleda våre!
Vi kryp tidleg i senga... Klare for ein siste arbeidsdag!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar