fredag 13. juli 2012

Dag 97: Hamn - Sommerøya

7 mil

Vi vaknar av at sola varmar telta våre. Åå så deili! Det er lett å stå opp og ut i varmen, sandstranda gliser mot oss og vi nyt som vanleg ein lang og varm frukost med blikka vendt ut mot havet! Endeleg er varmen tilbake. Plutseleg dukkar det opp ein rein som har forvilla seg ned på stranda. Den ser på oss, vi ser på den! Wow! Den vasar litt rundt før den bestemmer seg for å springe vidare, vekk frå oss! Vi syklar i singlet og nyt det. Senja er utruleg flott, sandstrender, mektige fjell, fjell vi må over. Etter ein kilometer tek vi ei lita kaffipause i Senjatrolletparken. Vi drikk kaffi og ser litt på trolla ilagmed barnefamiliane før vi syklar vidare! ;-) Fjellet står for tur. Jaja, vi klarar litt fjellklatring i detta fine veiret. Svetten renn og vi syklar opp, opp opp! Av med singletten, brett opp buksa, vi er utruleg nok takknemlege for dei få skyene som dekker sola i oppoverbakken! 4 km oppoverbakke kan vi skryte på oss på toppen! Yes! We did it! Ok, ein tunnel. På med lys og jakker. Det er som å sykle i ei grotte, ingen eksos og heldigvis få bilar på vegen. Heldige som vi er, er det nedoverbakke! Plutseleg dukkar det opp tre sykistar på veg opp, vi ser dei ikkje før vi susar forbi. Ingen lys?? Crazy turistar! Vi ristar på hauda og syklar vidare! Stoppar på ein rasteplass med nydeleg utsikt over fjord og fjell. Hiv i oss knekkebrød og kjeks og er vel fornøgd med dagens første fjellovergang. Ute i fjorden ser vi ein ny overgang. No steiker sola. Elisabeth tek ein frekk ein og dreg av seg buksa. Truse og bh opp over fjellet. Det føles litt nakent, hmm... Gla for at det ikkje er så mange bilar på vegen. To minutt oppe i bakken ser vi tunnelopninga. Ok! På med buksa igjen! Like greit kanskje ;-) På andre sida dukkar nok eit nydeleg fjell- og fjordlandskap opp. Vi syklar smilande rundt fjorden. Ok! Endå eit fjell! Vi tek ein pause på nokre svaberg. Marita tek den obligatoriske photoshooten, medan Elisabeth legg seg strak ut i sola! Åå so digg! Marita joinar og der blir vi liggande. Sovnar medan turistane spaserer rundt oss! Det er herleg! Sol, sjø, varme, total avslapping! Etter ein times tid set vi oss på syklane att. Fjellet var heldigvis ikkje så veldig høgt! Vi rundar eit nes og ser ei gedigen strand, folk grillar og spelar sandvolleyball! Sommarstemning! ;-) Ein tunnel! Vi er eigentleg fornøgd med det. Og kva fantastisk system er det her? Jo trykk på knappen og det lyser eit lys som fortel at det er syklistar i tunnelen! Vi er imponert og føler oss litt tryggare inne i fjellet! Vi er og fornøgd med at det viser seg å vere eit bra val å sykle Senja nordover, vi får nemleg nedoverbakke i alle tunnellar! Trix!
Sykkelformen er ganske bra... Vi nyt turen, men då vi ser den siste fjellovergangen, må vi ha ein liten motivasjonspause! Pjuhh! Det ser ikkje kjekt ut. Men vi skal klare det. Vi klarer det jo! "We can do it!" Er vårt sikre motto! Og vi klarer det faktisk, enda ein gang! På toppen vert vi sykla forbi av to racersyklistar (ganske fornøgde med å ha holdt dei bak oss opp bakkane).. Vi pratar litt med dei, dei har sykla frå Oslo og skal til Nordkapp, sjølvsagt! ;-) Ned frå fjellet byrjar Marita å tenke på ferja... Hmm... Vi har peila oss inn på 2030 ferja, men klokka er berre litt over 17. Marita lurer på om dessa syklistane kanskje kan ha planlagt å nå ei tidlegare ferje? Elisabeth tenker ikkje så langt, men får auge på ferja ute i fjorden, kan jo hende vi klarer å nå den? Opp med tempo! Vi seglar inn på kaia akkurat når bilane skal til å køyre inn på! Godt planlagt? Eller flaks? Hihi.. Vi ler! Er glade for at vi ikkje planlegge så nøye, det blir jo berre stress! Vi ler og litt av at alle andre syklistar vi møter syklar med kartet frampå styret! Vi stolar på memorering og har kartet bak i vogna, tryggast! Det er og ganske greit å ikkje vite noko om kva fjellovergangar som ventar! Ta det som det kjem, fram må vi jo uansett ;-) På ferja møter vi ei pratsom dame som kan fortelje at dei har køyrt forbi oss mange gangar i dag. Ho hadde sagt til mannan, då vi kom syklande inn på ferjekaia, at vi sikkert hadde tima detta perfekt! Vi ler. Joda! På andre sida av fjorden, Brensholmen står Ørnfløya for tur. Nina, kollega i Siemens, har feriert mykje her i området og har anbefalt oss å ta turen opp på dette vesle fjellet. Vi tek ein pause frå syklane og spaserer opp. Nydeleg utsikt! Elisabeth skryt av å ikkje ha fått nokon myggestikk sia Å i Lofoten, og pådreg seg sjølvsagt eit par i same øyeblik. Jaja.. Neste stopp! Middag. Vi syklar ut på Sommarøya, bruene er tøffe.. Men det går, magane skrik etter mat og helst all anna mat enn Real. Vi stoppar på ei kro. Stengt. Butikk, stengt. Ok siste sjangs, hotellet. Dei stenger matservering om to minutt. Flaks! Vi får snikt inn to bestillingar på dampa steinbit og set oss endeleg ned på ein stol med mat på tallerken! I 22-tida får vi sett opp telta ved ei søt lita strand og legg oss utmatta ned i posane med øyreproppar i for å dempe måkeskrika! Snork!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar