mandag 2. juli 2012

Dag 88: Tur til Vinstad, Bunesstranda og Helvetestind

Vi karrar oss ut av telta i 7.30-tida. Det er hardt etter gårsdagens natterangling, men tur til den berømte Bunesstranda lokkar oss ut av soveposane. Vi nyt ein god og lang frukost på benken "vår" før vi pakkar tursekkane og går på leit etter busstoppet. Vi tørr ikkje satse på at bussen køyrer innom Moskenes kai, sia appen, den fantastiske appen "177 Nordland", som ein er nøydd å ha om ein skal ferdast her oppe i nord (litt reklame..) påstår att busstoppet er 8 min frå kaia. Vi spør ein lokalkjent som meinar bussen kjem til kaia, eventuelt kan vi gå opp i veien. Vi tek ingen sjangsar og spaserer opp i vegen. Bussen kjem og den tek kort. Pjuhh! Vi har jo ferdast i snart 3mnd utan kontantar, så pengar er det lite av i våre lommer. 10 min så er vi framme i Reine. Der får vi oss ein statoilkaffi medan vi ventar på båten som skal frakte oss inn til Vindsnes. Vi tek og ut pengar just in case. Båten kostar 100kr tur retur og køyrer oss inn til bygda utan veg kl 1000. Den hentar oss att kl 1520 så så må vi vere tilbake på kaia. Best å halde tidsskjemaet for det er ikkje mange avgangar pr dag. Båten er nesten full og det er vi og ein haug med turistar. Er visst ei populær strand det her. Veirmeldinga har lova oss sol og fint veir, men veirgudane lyttar ikkje til yr. Det bles ein kald nordavind og skyene ligg lavt. Vel inne med båten føl vi folkevandringa mot stranda, det er litt rart å vere på ein slik øde plass omgitt av masse masse folk, men ein kan jo ikkje rekne med å få vere aleine på tur heile tida. Vi tek på oss turisthatten og joinar marsjen. Oj, her tørkar dei tørrfisk i klessnora ilag med ei bukse! Fasinerande! Oppe på haugen får vi endeleg sjå den gedigne stranda. Woow! Vi står å nyt synet nokre minutt før vi søker ly bak ein stor stein. Vi ser andre turistar og søke ly, i kortbukse og tynne jakker. Vi er sjeleglade for goretexoutfitten vår! Astrid har kjøpt med seg sjokoladecroissantar og delar søsterleg! Nam! Takk! Vi bestemer oss for å ta turen opp på Helvetestind. Når vi ikkje kan sole oss på stranda må vi jo nytte tida til noko aktivt! Vi går rett opp. Astrid og Silje har ei fin bok om turar i Lofoten, der det er teika inn ein sti. Vi prøvar å finne den, men gjer opp og går vår eigen sti ;-) Det er skikkeleg bratt men vi har god tid, nyt utsikten og labbar i fint tempo oppover. Vi føl eggen mot toppen. Det er ganske bratt ned på begge sider, men stien er brei og fin og alle kjem seg opp til første topp. Der ser vi at den ekte toppen er enda lenger framme og det ser noko bratt og luftig ut. Vi finn ut at vi heller skal nytte tida til ein velfortent kaffi og lunsjpause i lyngen. Og ruslar nedover mot ein nydeleg lyngflekk! Det viktigaste på tur er å kose seg ;-) vårt motto! Etter pausa føl vi stien nedatt frå fjellet, tek turen bortom stranda, ei lita photoshoot og så ruslar vi tilbake til kaia. På vegen møter vi ei lita jente og ein gut, dei har bada! Woow! Tøffingar! ;-)
Tilbake i Reine tek vi inn på ein kosleg kafe medan vi ventar på bussen. ;-) Vi sit på med bussen, litt lenger enn anntatt til Jokeren og får handla oss litt kveldsmat... Så er det berre å spasere tilbake til campingen. Silje og Astrid tek seg ein dusj, medan Elisabeth og! Marita som tross alt dusja i går tek seg av middagen; Meksikansk gryte med kjøttdeig, bønner, tomat, paprika og ris. Nam! Det er kjekt å kunne lage orntlig mat på stormkjøkkenet til Silje. Utpå kvelden kjem to venninder av Silje og Astrid; Silje og Alex, dei har vert i Svolvær og klatra Svolværgeita! Heldiggrisar :-) Dei joinar inn oss i kveldskosen. Veldig kjekt å treffe kjekke folk! Vi storkosar oss! Takk for ein nydeleg dag!













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar