mandag 2. juli 2012

Dag 92: Svolvær - Hammerstad camping

1 mil

Vi vaknar til lavt skydekke og regn. Hmm.. Ingen vits i å prøve seg på Svolværgeita i dag... Vi bestemmer oss for å gå for ribtur i Trollfjorden klokk 14. Vi nyt ein lang frukost, som vanleg og byrjar å tenke på heimreisa. Det er litt rart å sitte å planlegge turen heim, vi lurer på korleis det kjem til å bli, sitte på flyet sørover, kome tilbake til byn, vennar, familie og jobb. Det blir nok godt, men sikkert ei omstilling.. Vi vel å ikkje tenke så mykje på det, bestiller fly heim 29.juli. Alt i box. Elisabeth flyr Alta-Oslo-Bergen og Marita Alta-Oslo og tog til Lillehammer. Så er vi tilbake til ein dag om gangen og er klare for dagens utflukt.  Først må vi pakke oss ut av den fine leiligheten og ein tur på posten der vi plukkar opp depo med linser til Elisabeth, litt Real turmat og kjeks. Så set vi snuten mot kaia og ein fotobutikk. Elisabeth sitt fine lille rosa kamera er blitt øydelagt og ho må få tak i eit nytt. Det er visst ikkje mulig å reparere i følge ein fotokyndig kar på butikken. Etter å ha skaffa seg eit nytt, støtsikkert, vanntett, støvtett og frostsikkert superkamera går turen til Lofoten explorer der båtturen skal starte. Desverre er ein av passasjerane blitt sjuk og vi er berre fire, veiret er dårleg og dei legg ikkje ut på tur utan 5 passasjerar. Ingen fleire dukkar opp. Jaja.. Ingenting vi kan gjere med det. Vi går forbi ein resturang, kaffi? Jepp! Dei har pizzabuffet. Nam! Vi slår til. Høgg innpå med pizza, salat og kake til dessert. Vi bestemmer oss for å sykle vidare i dag. Ei mil til ein campingplass, det er meldt regn i natt, så vi ringer og bestiller ei lita hytte (luksusdyr). Sykkelturen går kjapt og vel framme innlosjerar vi oss i hytta og blir der. Vi tek ein tidleg kveld og bestemmer oss for å starte tidleg i morgon!! ;-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar