fredag 13. juli 2012

Dag 99-101: Tromsø

0 mil
Kviledagar i Tromsø. Vi har store ambisjonar om å blogge og utføre praktiske gjeremål vi har utsett ei stond no når vi skal ha late dagar i Tromsø. Laurdagen må vi sjølvsagt ein tur til Byn. Vi spaserar over brua, veiret er fint, men vinden kjøler oss fort ned. Jakkene blir på! Vi lokaliserer gågata og tek ein kaffipause. Kaffi og kake i sola! Lena fleskar til med marsipankake i ekte feriestil! ;-) Så er det tid for shopping. Marita, som ikkje har fått besøk av ein snill kjærast med ekstra dongribukse ;-) ser seg nøydd til å gå til anskaffelse av byantrekk. Vi skal jo tross alt vere her eit par dagar. Lena og Elisabeth tek seg heller ein spasertur i byn og innom polet. Sør-Afrikansk vin står på ønskelista i dag, og etter mykje om og men og fram og tilbake klarer vi å bestemme oss. Denna shoppingøkta var nok! Tid for eit nytt kafebesøk ;-) Marita kjem tilslutt dinglande med handleposane sine... Jakke, bukse og to toppar! Haha.. Vi ler! Kan jo like gjerne gjere det skikkeleg når ein først er igang! Magane seier ifrå at det er tid for mat. Elisabeth har lokalisert ein Sushi restaurant og klarer å lokke med seg dei to hine :-) Nydeleg mat. Marita er fortsatt litt skeptisk til sushi, men er på gli. Etter middag handlar vi mat og slår til med ein taxi tilbake til campingen! Jentene er heilt utmatta etter byvandringa og det tek ikkje lange tida før Marita og Lena finn kvar si dyne å krype under. Elisabeth nektar å kvile middag, tek seg heller ein liten joggetur. Her er jo mange fine grusvegar innover i Tromsdalen. Digg! Låra fungerar igjen og det er deilig å svette ut trøttheten. På veg tilbake er der ein liten sti rett opp mot fjellet. Ei lita intervalltrening? Ja! Spring så langt eg orkar! Stien går oppover ein kjempebratt skråning, så gøy! Kanskje eg like godt skal springe heilt opp på toppen? Det er gøy med bratt oppoverbakke. Brattare enn Stoltzen! Mykje brattare! Hurra! Vel oppe er det godt å bli servert eit digert glas vatn og få ein vegforklaring på ein litt slakare veg nedatt. Etter eit par timar på springetur er det fantastisk med ein god og varm dusj. Marita har og tatt seg ein springetur på grusvegane og kjem inn døra rett etter... No fortenar vi litt god raudvin! ;-) Alle er utkvilt og vi kosar oss med vin og musikk frå anlegget. Har høyrt så mykje bra om utelivet i Tromsø. Det må jo testast ut! Den første puben, anbefalt av taxisjåføren, var for bråkete.. Ehm.. "If the music is to loud, you're to old!" Ok! Vi skjønar! Går heller å set oss ute på ein rolegare pub :-) Marita er sprek og vel å spasere heim. Elisabeth og Lena prøvar den loude puben igjen. Ei halv øl, det var litt bråkete! Vi tek ein kebab. Elisabeth påstår ho ikkje likar, så endar det med at ho et opp halve måltidet. Takk Lena. Neste gang får vi kjøpe to... ;-)
Søndagen er laber. Lang og god frukost, som vanleg. Tv-titting og slækking. Kun NRK som virkar, vi ser reprise av God Sommer, Grønn Glede, Justin Bieber dokumentar.... Vi er sjokkert! Og så Wimbeldon finale. Litt rastlaus? Marita blir liggande og heie på Federer, medan Lena og Elisabeth stikke på fisketur. Må jo teste ut den nye, fantastiske teleskopfiskestanga til Lena. Vi går ned til sjøen, ut på ein pir. Ingen fisk her, vi prøvar lenger borte. Eit kast, Elisabeth spaserer langs stranda og plutseleg er det fisk på kroken. På andre kastet. Wæ! Fram med kniv og så er det berre å stå og følge med på trena fiskesløyingshender. Litt papir? Ok! Vi pakkar torsken i posen og spaserer over på andre sida av brua. På jakt etter sei! Kaffi og lunsj på Statoil, sjølufta gjer oss svoltne. Oj, ein liten fisk igjen. Den må få leve. Vinden er kald og vi bestemmer oss for å gå tilbake til varm hytte. Der er Wimbeldon ferdig og Federer vann, hurra! Marita går seg ein spasertur og så er det tid for middag og slækking.
Mandag får vi orden på tven og vert sittande framfor skjermen til langt på dag... Marita tek seg ein tur til byn, fiksar kart over Alta! Bra jobba! Lena og Elisabeth tek seg og ein tur til byn. Det er digg med late dagar i byn, men Marita klarer ikkje å sitte stille, ut på joggetur. Prøvar å finne stien til Elisabeth, men vegfirklaringa var ikkje heilt god, så ho endar opp på eit par andre stiar litt hit og dit og rundtomkring og til slutt finn ho det best å vende snuten heim. Nok ein roleg kveld framfor tven, ein ny fisketur, der fiskelykka er stor (iallefall i følge Elisabeth) 4 torskar, som får leve vidare, vi et dei jo ikkje likevel.. Ingen sei... Jaja... Fint er det no likeve å vere på fisketur ;-) ;-)













1 kommentar:

  1. Så fine dere er! :) men Elias, du er jo bra gærn da; "hurra, en oppoverbakke". :p Lykke til med innspurten av turen!!

    SvarSlett