tirsdag 24. april 2012

Dag 24: Bjordalsbu - Sulebu

29 km
11 timar
Elisabeth var, som vanleg sist opp av senga... (nytt og bedre liv), og kom ut i stova (forventa egentli at pannekakene var på god veg..) og fann Marita bannande framfor peisen, jævla drittved! Det var umulig å få fyr, etter fjerde forsøk holt ho på å gje opp, men Elisabeth oppmuntra og sa at det var "berre" å fortsette å mate på med avispapir og alt ho kunne finne, så tek det nok snart fyr! Her var det berre å sette igang med pannekakene og få i Marita litt mat. Ein kaffikopp kanskje? Ja, det hjalp litt. Eit par oppmuntrande ord til fyrmesteren om at "vi klarar det vi vil klare...." vart ikkje tatt veldig godt imot; "vet ikke om eg vil klare dette lenger!" .. Shit, her må vi få fart på pannekakene... Elisabeth luskar seg stille rundt og steiker, kokar kaffivatn og kryssar fingrane for at veden snart tek fyr.. Pannekakene er klare! Ikkje overveldande juvel, med det ryke frå ovnen og ein kan høyre ilden frå avisa knitre.. Håp! Vi et frukosten og Marita spring til og frå ovnen som den ekte fyrmeisteren ho er og ENDELEG er det fyr. Hurra! Smilet er på plass og dei siste pannekakene kan nytast med eit par kaffikoppar attåt. Pjuhh!
Då vi var på Finse oppdaga Marita (flinkisen) at vi mangla kart for 9km frå Bjordalsbu til Sulebu. Vi prøvde å få printa det ut på Finsehytta, men printeren virka ikkje... Jaja, då får vi spørre på Geiteryggen, men han hadde heller ikkje kart over den strekninga. I gangen hang det eit kart, så vi tok nokre bilder av det og tenkte at det fekk halde. Så plutseleg, på Bjordalsbu låg der eit utprinta kart av akkurat det strekket vintrengde, er det mulig å ha meir flaks? ;-) vi tok det sjølvsagt med oss på vegen.
Vi tenkte å starte tidleg. Så tidleg som vi klarer.. Altså kl 10... Tidleg nok. Vi labbar avgårde, sikten er ikkje den beste, men vi har jo kvistane... Skia til Elisabeth bestemmer seg endeleg for å ha litt feste utan fellar, hurra. Vi kan gli avgårde mot dei lovande nedoverbakkane... Som i kjent stil let vente på seg... Litt opp, så litt ned og sp er det opp igjen. Føret er bra, skooterspora er fortsatt  harde, Marita ledar an. Elisabeth synes at pulken klabbar igjen, men tørr ikkje sei noko ettersom det var eit heilt umulig faktum, forrige gang.. Her er det berre å gå, kanskje det er kroppen som er blitt svakare? Etter eit par nedoverbakkar der pulken nesten måtte dragast nedover, tek ho sjangsen på å løfte på pulken og sjå (Marita er eit stykke bak så det er safe...) å joda der ligger eit tau å luggar med masse snø... Hihi.. Etter å ha fjerna det går det litt greiare... Men berre litt. Skia klabbar, tek av fellane, skia glippe, æsj!
Så nermar vi oss Breistølen, første mål for dagen, men først er det nedoverbakkane... Huff, hehe... Det går i sikksakk, plog og god stil.. Koos! Vel nede tek vi ein velfortent lunsjpause, der viltpølsa frå Audun fekk bein å gå på, havrebomba for dagen, sjokoladen og delar av nøtteblandinga gjekk ned utruleg nok. Ei lita oppdatering på fjesboka og ein liten diskusjon på kor denna vegen gjekk... Marita kunne ikkje skjønne kor den gjekk, Elisabeth såg ein buss, Sogndalsekspressen, og konkluderte med at vegen går nok til Oslo. Marita skjønte visst då at det var Hemsedalsvegen... (Elisabeth skjønte ikkje det før i skrivande stund...) Så var det berre å komme seg over den skumle vegen mellom alle dei store trailerane og starte på oppoverbakkane. På med langfellar, oppover, oppover, oppover! Litt fulle magar gjorde at det gjekk litt trått i starten, men plutseleg var vi på fjellet igjen. Litt dårleg veir, faktisk, uvant, men det må vi tåle... Dessuten gjekk det fort over! Marita går langt der framme med god gli, godt humør og Elisabeth sliter med gli og fest og har lyst å kaste skia langt ned i dalen.. Dårleg ide! Gå vidare. Endeleg ein nedoverbakke... Jippi.. Elisabeth plogar seg nedover, litt flatt lys og derser ho plutseleg at bakken er litt brattare enn først antatt... Wups. Panikkploging, oj der gjekk ho rett på tryne og blir liggande. Krampelatter, klarer ikkje bevege ein muskel, ski, stavar og pulk hulter til bulters... Mariiiita!! Klarer å snu haude og ser Marita langt oppe i bakken, krøka saman i latter og knoting med kamera! Fint, ho ska ta bilde før ho kjem til unsetning. Og der kjem ho, litt for fort og krasjar seg inn i kaoset... Av med pulken.. Latterkrampe. Prøve å løyse skibindingen til Elisabeth... Korleis er det detta funkar? Der gjekk det, Endeleg fri! Etter denna strabasiøse opplevelsen måtte vi ha oss ei lita kakaopause på ein stein. Klar for oppoverbakkane igjen... Opp opp opp. Digg! Vi kosar oss. Marita litt meir enn Elisabeth, ho klagar litt på bakglatt og klabbings, skia er på veg ned i dalen igjen. Marita: Sjå rundt deg! Elisabeth: jaaaada.. Sukk.. Men etter å ha fått på langfellane og løfta bliket så går det faktisk mykje bedre! Snart på toppen av verden. Love!! Og der endeleg ser vi hytta. Litt rart, vi skulle jo over ein bakke til... Jaja.. Vi går mot hytta. Hmm.. Feil hytte. Jaja... Vi går litt til. Og der, endeleg er hytta. Hipp hurra!



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar