onsdag 11. april 2012

Dag 12: Bleskestadmoen - Holmevasshytta

13km

Etter ein kviledag er vi endeleg klare for å kome oss avgårde nordover igjen! Vi pakkar saman sakene våre, som på mystisk vis har eksplodert utover, smeltar vatn, hive i oss dei etterkvart berømte pannekakene nam! Så er vi igang! Føret er flott, fellane virkar igjen og den litt frykta turen opp på fjellet igjen går som ein leik. Plutseleg ser vi demningen og sola tittar fram, svetten piplar og naturen er igjen heilt utruleg vakker! Smilande går vi mot demninga. Gnagsåra er teipa, og låret er på bedringens veg. Det er igjen tid for iPod og "good life" på vår vandring over vatna. Dagen går fort og utpå siste vatnet ser vi hytta i andre enden, laangt oppe i lia. Dagens utfordring blir siste etappe opp dei bratte bakkane og plutseleg er vi oppe. Hurra. Vi konstanterar raskt at utedoen er inne! Hurra! - små gleder ;-) så må vi ha litt tøy og bøy og eit par koppar kaffi, etter ein bedre drytechmiddag. Vi storkosar oss og kjenner på at Haukeli, mobildekning og sivilisasjonen er nerme! Elisabeth behandla sei såre føtene sine med eit velfortent fotbad med påfølgande puddring av kvar ei tå.. Plutseleg luktar det parfyme av dei skinnande blanke og reine beina.. Hurra! Så blir ein heil pakke gjendekjeks med sjokolade inntatt til kaffien - og fornøgde kan vi putte oss ned i soveposane på kvart vårt soverom. Litt morsomt var det når vi høyre den andre snu seg i soveposen og merkar det ristar i senga når den andre bevegde seg.. Godt isolerte "papp"veggar ;-)












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar