fredag 6. april 2012

Dag 7: Storevatn - Kringlevatn

12 km
ca 5 timar

I dag bestemte vi oss for å ta ein "kviledag". Før vi forlot Storevatn, tømte Magne og Petter sekkane sine for proviant dei ikkje ville ha med seg heim, og vi kunne fylle opp matposane våre med majones, baconost, mais og ananas! Takk!

Ute var det pudderføre og dagen starta ganske overskya og windy. Oppoverbakkane gjekk som ein leik og nedoverkøyringane kvalifiserer ikkje lenger til oscar. Ganske stolte over skiferdighetane cruiste vi nedover mot Kringlevatn. Og plutseleg møtte vi ein skigåar. Første møte med andre folk i skiløypa, vi veksla nokre ord om tur og veir og overleverte helsingar frå Bjarne og Ingvild til mannen med pulken ;-) Dagnes mest komiske syn; Elisabeth: "Marita!!" i det Marita snur seg, ser ho eit fortvila fjes :'( "eg må tisse!".. Eit ikkje heilt uvanleg scenario...
Sjølv om turen ikkje var så lang, så var det veldig godt å kome fram til hytta. Etter to kalde netter i telt, har vi vel funne ut at hyttelivet passar oss best no på vinteren. Vi skal jo kose oss på tur, og vi kosar oss best inne i varmen. Dessuten treffer vi så mange kjekke folk og får utruleg mange gode rutetips. :-)

Her på Kringlevatn har vi testa den, visst nok, berømte Bacalaoen som DNT her i sør har på hyttene sine. Magne på Storevatn anbefalte den, og det var kjempe godt!!
Ellers kosar vi oss framfor vedovnen i godt selskap og eit lite glas Bache ;-)

Dagens lærdom: Marita har lært seg å bruke gammaldags boksopnar.
Dagens turtips: Hyttevakta ha anbefalt oss opptil fleire snarvegar på morgondagens etappe.. Jej!
Dagens nederlag: Elisabeth fekk ikkje til å fyre i ovnen - måtte til slutt få hjelp av ein snill kar! Sukk!












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar