tirsdag 3. april 2012

Dag 4: Nesten Pytten - Gaukhei

7-8 km
ca 8 timar

Det var ei kald natt i teltet. Elisabeth fraus på beina heile natta og Marita fraus over alt heile natta. Morgonen starta litt apatisk, ingen av oss ville ut av soveposen, heldigvis (tenkte Elisabeth) måtte Marita på do så ho stappa dei kalde beina nedi frosne joggesko og gjekk ut i kulden.. Der satte ho igang vannkoking og henta vatn. Elisabeth satt i soveposen og sendte koppar og termosar ut for påfyll! Luksus ;-) Sitat Elisabeth; "I owe you one!"
Etter ein kjølig og litt kaotisk frukost, pakka vi (Marita) saman teltet - Elisabeth måtte evakuere til ein solflekk for å varme dei frosne tena sine - litt smågrinete, men når tena var varme igjen kom smilet tilbake og det var tid for å fikse pulkdraget. Ståltråd og gaffateip gjorde susen - stolte og fornøgde kunne vi sette kursen mot Pytten. Optimistiske som vi er, spente vi på oss skia og traska oppover lia. Men over haugen måtte vi slukøyra feste skia på pulken og ta beina fatt igjen. Neste utfordring var ein islagt bekk, som ikkje tålte vekta av oss, men vi sendte pulkane ove og det gjekk.. Pjuhh!! Deretter måtte vi ta ein liten rekogniseringstur for å finne snø til å dra pulk på igjen... Gleden var meget stor då vi fann store område med snø som vi kunne nyte heile vegen til Pytten, som er siste hytte før oppstiging til fjellet vi måtte over for å kome til Gaukhei.
Flaks for oss så fann vi ei snørenne som gjekk heile vegen opp til fjellet, med unntak av 10m der vi måtte bere gjennom eit jævla bjørketre! ;-)
Resten av turen over fjellet gjekk smertefritt heilt til siste bakke ned til Gaukhei. Bakken var minst 30 grader og klink is. Elisabeth var først ut, sklei og krasja heldigvis i ein stein. For å kome oss ned måtte vi vere to på ein pulk, ein bak for å halde igjen og ein foran for å bremse pulken. Det var ei lykke å endeleg vere nede, kunne spenne på skia igjen og spasere mot Gaukhei.
Takk til familien Hilde for ferdig oppvarma hytte og koslig selskap den kvelden.
Middag; pannekake med blåbær og jordbærsylte Nam!!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar