søndag 1. april 2012

Dag 2: Ljosland - Langevatnet


6km
9 timar

Transportetappa på sykkel er unnagjort og endeleg skal vi spenne på oss skia og teste ut pulkane... Trudde vi!! Litt snøflekkar her og der.. Eit Langevatn utan is - vi må gå rundt.. Jaja.. Vi snakka med lokalbefolkning, Kari,  som gav oss ei alternativ rute, men Røde Kors var usikre på om vatna var trygge, så istadenfor å risikere å dette gjennom isen, brrr!!! Så valgte vi å gå sommarruta rundt Langevatnet. Vi labbar avgårde, frå snøflekk til snøflekk og løftar pulkane mellom oss over dei bare områda... Ruta viser seg å vere litt meir krevjande enn først antatt.... Stien er umulig å følge, det er ikkje nok snø der, så vi går opp på fjellet.. Ikkje berre berre med tunge pulkar etter oss. Mottoet vårt blir etter kvart, "vi klarer det vi vil klare" og det gjorde vi! Vi slepte, drog, skubba, kava, bar og lo! Regelen er; "det er lov å banne, men avslutt alltid med latter!" ;-) Heldigvis er veiret bra. Strålande sol frå skyfri himmel!! Vi nyt det!
Etter ein lang dag, over 9 timar knallhard jobbing og ca 6km tilbakelagt campa vi tilslutt bak ein stein midt i stien oppe i lia. Digg med middag og kos i teltet etter ein fantastisk dag!

Oppsummering av dagens pluss og minus.
-Veldig lite snø!
+Vi blei veldig glade for den snøen som var.
-Marita mista trinsa til eine staven.
+Vi fann heldigvis att trinsa og fekk fiksa problemet!!
-Elisabeth mista eine gamasjestrikken sin.
-Elisabeth mista skruen i eine pulkdragstanga...
-Marita fekk skramme i den nye fine buksa si.
+Med eit fantastisk teamwork nådde vi dagens mål ved Langevatnet.
+Sol frå klar himmel gjorde dagen enda bedre
+Vi klarte alt vi ville klare!!
+Vi lærte oss å handle med ein gang vi tenker på noko vi burde gjort!






















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar