mandag 16. april 2012

Dag 17: Sandhaug - Kjeldebu

35 km
11 timar


Tidleg tidleg kom det to spreke og friske jenter inn på rommet vårt og ønska oss god tur vidare - litt i ørska ønska vi dei god tur til Myrset, der dei skulle prøve å nå bussen til Voss. Eit sekund etter klemmen, var jentene slokna igjen og drøymde søtt heilt til karane byrja å romstere i stova. Marita sto opp og fekk bekrefta at gårsdagens straumbrudd hadde si naturlege forklaring, dei sparar på diselen (lurt) og slår av aggregatet om natta. Elisabeth blei raskt i godt humør, men sleit med å kome seg ut av soveposen. Planen var å starte litt tidleg, sia dagsetappa var lang, men vi skal jo kose oss på tur, så etter ein bedre frukost, tannpuss og dobesøk i hovedhytta (varmt vatn og vannklosett) sto vi klare til avmarsj kl 11 ;-) i god feriestil! 

Vi er svært positivt innstilt til dagens etappe, kvista løype heile vegen - plankekøyring ;-) Etter ei lang og slak oppstiging bredte plutseleg heile hardangervidda seg ut framfor oss, nydeleg flatt!!! landskap og Hallingskarvet laaangt der borte, det var virkeleg heilt overveldande, og smilande sigla vi bortover på silkeføre. Kald nordavind, men sol og flott veir - igjen!!! Vi er så utruleg heldige!! Etter nokre timar på flata, merkar vi at beina våre ikkje er veldig glade i det flate - det verkar i fotsålane, men det er berre å ignorere, nyte naturen, snøre igjen hetta og ta på vottane, når vinden er skjerma ute er det supert å gå.. Vi går og går og går og går....... Elisabeth byrjar å sutre litt etter matpause, men vi må jo ha ly så det er berre å fortsette. Føtene skrike etter ein liten pause, men ingen steinar eller hytter å søke ly bak, vi går og går og går endå litt lenger. Elisabeth sutrar litt for seg sjølv der ho ligge 100m bak Marita som går og går og går.. ;-) 

Så møter vi ein mann på scooter, som stoppar og kan opplyse oss om at Toril og Heidi har fått skyss til Maurset av ein venn av han - dei hadde visst innsett at dei ikkje kom til å nå bussen. Pjuhh, då veit vi at dei er komne seg i "sikkerhet" ;-) Han kan og opplyse oss om at Dyranut berre er rett opp på det fjellet, og vi blir enige om å ta kjøttsuppepausa der. Berre ein dødslang oppoverbakke to go! Når vi endeleg når Dyranut må Marita nesten tvinge Elisabeth til å ete, det var mest fristande å pine seg vidare til Kjeldebu, varme, mat og sovepose... Heldigvis et vi og resten av etappa er heilt fantastisk. Blir like overraska kvar gang over den magiske effekta av mat!! Då vi når toppen av Hardangervidda (føles det iallefall som), ser vi den heilt fantastiske utsikten nordover, Hallingskarvet og Hardangerjøkulen i sin overveldande utfoldelse - tenk, dit skal vi! Vi er der jo nesten! Herlighet, vi har faktisk gått heilt til Finse (snart)!! 

Enda ein nydeleg solnedgang! Smilande og glade siglar vi nedover mot Kjeldebu! Kor er du hytte? Vi føler du burde vert her no! Hmmm... Skal vi verkeleg gå den vegen? Sjekkar gps koordinatane... Ja vi er på riktig veg.. Og DER rett rundt svingen, der ligge hytta. Jippi!! Det er verkeleg heilt utruleg herleg å kome fram etter ei skikkeleg monster etappe! Vi losjerar oss inn i vakthytta, etter tips frå karane på Sandhaug. Litt usikre på om det er "lov".. Vi tek sjangsen. Knoting med vedovnen - her er det ikkje bjørkeved med den magiske neveren på lenger.. Heldigvis er der ein gassovn, pjuhh... Til slutt blir det varme, og veden tar fyr etter ei uant mengde avispapir. Til forrett knekk vi nok en pose chips og Marita mekkar pasta di napoli og vi ete oss stappmette. Sukk! Herleg liv! Til slutt sloknar vi i soveposane på sofaen inni den varme stova (det kalde soverommet er svært lite innbydande).


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar