torsdag 19. april 2012

Dag 19-20: Finse - Geiterygghytta

16 km
6 timar

Vi hadde ein velfortent kviledag på Finse. Ein veeldig rolig kviledag, stort sett tilbringte vi den i ein stol med utsikt til Finsevatn og ein haug med barnehageonga som stod for underhaldning utanfor vindauget. Knis, den søte lille ongen datt, beina i kryss, ski og stavar hulter til bulter... Hmm skal vi hjelpe den? Åhh.. Der kom ein barnehagefyr og ordna opp - vi kan sette oss tilbake i stolen igjen ;-) bordet mellom oss er fylt med, rot; chipsposar, colaflaske, pad, telefonar, ein pose fox (tom vel å merke), termos, nistepakke... Ein liten onge kommenterar; "her har dei fest" ;-) ja vi tek oss like godt ei øl, så er det iallefall skikkeleg voksenfest. To barnehagar, med ca ein million ongar var på Finse samtidig som oss, vi er skikkeleg imponert over kor bra alle ongane oppførte seg og kor lite bråk det var! Litt høglytt frukost blei det jo sjølvsagt, og det var ikkje fritt for at vi måtte hjelpe litt med litt av kvart,  matsortering er jo ikkje so lett å forstå seg på og sjølvsagt må vi halde døra opa så ei lita jente kunne få ta på seg skia midt i døropninga.... Hihi.. Marita stod der tolmodig venta ho, og så måtte ho hjelpe ein liten gut med skibindingen - trur ikkje ho skjønte stort meir enn den vesle guten, men ho fikk på guten skiene, og han trasket fornøyd avgårde. ;-)

Endeleg er vi avgårde, det har snødd masse siste døgnet, etter ein liten stopp på hotellet der vi fekk med oss dagens BT og sprekmagasinet med siste kjendisnytt, var det berre å kaste seg i oppoverbakkane. Elisabeth meldte seg frivilleg som brøytebil og fekk seg kanskje ei litt tyngre oppgåve enn ho hadde tenkt, men sagt er sagt og oppover må vi. Heldigvis er det trakka litt spor og snart blir vi tekne att av ivrege skarvarennutøverar som er på trimtur. Dein laga spora endå betre, luksus!! Då vi tek av mot omnsbreen og Geiteryggshytta er det slutt på spor, no må vi brøyte sjølve, Elisabeth må berre le... Skia forsvinn langt ned i snøen, sparke sparke, der kom dei fram att, 10-20-30-40cm nysnø, heilt til knea somme plassar. Marita tilbyr seg å brøyte litt, men nei, Elisabeth skal klare detta ;-) og ho klarar det. Pjuhh endeleg er vi på toppen, no er det jo berre ned dessa bakkane, rundt svingen, over vatnet og så er vi framme, hurra!

Første nedoverbakke: Elisabeth set utfor i ein perfekt plogestil - litt skare på toppen, perfekt! heilt til det ikkje er skare lenger,  men ein meter med laussnø, vupps, der skjære skia seg djupt ned i snøen, pulken har fått god fart og skubbar Elisabeth på tryne framover og bråstopp med hender og stavar, ski og tryne djupt ned i snøen. Shit! Og pulken skubbar på - korleis skal ho løyse detta? Ho ligg litt og ventar - kor er Marita. Hjelp! Men Marita dukkar ikkje opp, det er berre å hjelpe seg sjøl. Plutseleg er det akkurat som den vesle ongen utanfor vindauget på finse, ski og stavar alle vegar, berre laussnø - kor er barnehageonkelen? Etter litt kaving er ho endeleg på beina igjen, kor i alle dagar er Marita? No gjekk ho glipp av dagens komedie, der kjem ho, illsint på dei idiotiske bindingane som berre isar slik at skia dette av... Grr! Jaja.. No er det "berre" nedover ;-)

Det var skikkeleg digg å kome fram til hytta. Vi er svoltne, og Jan, hyttebestyrar, kan meddele at vi får middag kl 19, han må berre ned til vegen og hente to til som skulle ete saman med oss. Vi pakkar ut, kjøpe oss ei flaske "pinnevin" og venta på middag. Middagsgjestene våre viser seg å vere to veldig kjekke eventyrsamlarar, Kaja og Kim, som er på Norgesreise for Jordan! (tannbørster og andre børster pluss ein heil haug andre artiklar...) vi kjem veldig på godfot med desse flotte personane, det er ein skikkeleg arti kveld der dei får samle inn vårt eventyr og vi får masse ny kunnskap om jordan. ;-) Vi knekk ei flaske pinne-vin til og ekje i seng før rundt midnatt.. Crazy girls! Fantastisk kosleg kveld ;-)
Sjekk ut www.jordan175.no :-)














1 kommentar: