tirsdag 24. april 2012

Dag 22: Kongshelleren - Iungedalshytta

14 km
4 timar

Etter 11 timar søvn står to glade, utkvilte jenter opp til oppvarma hytte (trix). Pannekakene er på bordet i rekordfart og vi gaflar innpå svoltne som ulvar... Under kaffien kjem det stabbande inn ein kar i fargerike berganskle og med nistepakka i handa. Han er sikkerhetsansvarleg for 71 grader Nord gjengen som visst nok er på veg til Kongshelleren. Vi slår av ein hyggeleg prat og får vite at gjengen frå 71*Nord skal gå frå Geiteryggtunellen til Breistølen, ei etappe vi har tenkt å bruke minst tre dagar på ;-) hohoho.. Vi humrar og ler endå litt til då vi får vete at dei skal gå på fyrstikkski.. 6 mil! Jaja vi skal kose oss med våre 14km i dag vi.. Og der tittar jammen sola fram og, har du sett! Vi tenkte å vere litt høfflege og gå ut og slå av ein prat, men det var det tydlegvis ikkje tid til... God tur fekk vi ropt etter dei og vips så var alle saman vekke. Vi pakkar saman sakene våre, spenner på oss ski og pulkar, opp ein liten slak bakke og så er det nedover og nedover og nedover... Herleg silkeføre, ferdig opptrakka løype og litt komedie i bakkane der vi kunne konstantere den eine etter det andre fallgropa etter gjengen som hadde gått før oss... Hihi lo vi og tok laange og safe svingar nedover ;-)
Nederst i siste bakken oppdagar Marita at ho har råkøyrt med "lunsjlomma" på pulkbagen open, og vannflaska er vekk. Søren suse! Hmmm... Ska ho gidde å gå oppatt å leite? Etter litt om og men bestemmer ho seg for å leite. Elisabeth legg seg på pulken, brettar opp gensaren og blundar litt i sola imens.. Flaska lokaliserast og vi kan skli vidare nedover Iungedalen... Nesten ved hytta møter vi gjengen frå Kongshelleren som er på veg tilbake etter dagstur til Iungedalshytta, vi slår av ein kosli prat og ønskar dei god tur opp alle bakkane, vi solar oss i bh siste stykket til hytta og spradar rundt ei stond ute i fineveiret før vi kjenner på magane at det er på tide med middag. Men først må vi hente vatn, vi er leie av å smelte snø, så vi tek med oss vannbøtta og flaskene våre, spenner på oss skia og går ned til elva. Litt kavete er det å kome seg ned skrenten til elva, som halvvegs er begravd under snøen, Elisabeth er pysete og lurer på om vi skal prøve ein annan plass enn her som det er så bratt og ulent. Marita tenker at det er heilt uaktuelt - ho hakkar vekk utrygg snø med staven, finn seg ei trygg snøbru å lene seg på, tenker som så at viss ho dette uti så har ho jo ei varm hytte tørke seg i. Elisabeth står litt smånervøs oppe i bakken og held så godt ho kan fast i buksebeinet til Marita, no er ho trygg! Vi får opp vatn og Elisabeth føler ho må gjere opp for den pysete innsatsen og tek seg av densjukt tunge vannbøtta. Ein stav,fiskebein, pjuhh - kom seg opp til hytta med mesteparten av vatnet i behold.
Sia vi har litt få middagsporsjonar med oss på denna etappa (vi trudde Iungedalshytta var opa og betjent) så må vi improvisere middagen utifrå det som er i sjølvbetjeningslageret - ikkje særleg imponerande utvalg, men Elisabeth har gått i god skule og tek "ein Harriett" ;-)
Oppskrift: Ein boks hermetiske gulrot og erter, ein boks bogskinke, 4 porsjonar hurtigris, litt smør, litt salt, litt pepper, litt chilikrydder, oregano og kvitløkskrydder og vips der hadde vi ein imponerande god middag... Vi blei faktisk imponert, og Elisabeth takkar Harriett for opplæring ;-)
Etter ein god middag og kaffi i sola er det tid for ein liten middagskvil.. Elisabeth sovnar i den 6 doble øvre køyeseng og Marita kvilar nede - endeleg har vi ei hytte for oss sjølve igjen... Og så den gedigne senga ;-) men.. Idyllen varer ikkje lenge, plutseleg ser vi to karar utanfor vindauget.. Åhh vi får besøk, jaja to til er det jo plass til, åhh ein til og ei til.. Hm.. 7 gjester får vi til slutt, i den minste hytta vi har vert i til no, med kun eit rom ;-) haha... Vi må jo berre le, det er berre å trykke seg saman og laurdagskvelden vart veldig arti. Ein skikkeleg livleg og morosam gjeng frå Ål ;-) Dei kunne by på både chips, viltpølse og whisky!! Her fekk vi og svaret på brøytebilspørsmålet vi har lurt på, sia Sverre hadde vore brøytebilsjåfør kunne han meddele at ein brøyta til der det var ein god plass å snu... Hmm.. Det var altså snuplassen som redda oss og ikkje fylkesgrensa, jaja! Greit å få klarhet i det.
Rundt midnatt er stort sett alle ganske ferdige, vi riggar oss til, 5 menn i overkøya og tre damer og ein mann i underkøya, intimt men kosleg. Ei varm og overraskande stille (iallefall for dei med øyreproppar) natt ;-)





















1 kommentar:

  1. Dere har en fn blogg :-) Er gøy å følge med på turen deres!! God tur videre!! Eva

    SvarSlett