torsdag 3. mai 2012

Dag 28: Olavsbu - Spiterstulen

28 km
7 timar
Dagen då vi skal skiljast frå vårt muntre turfølge er komen, Ragnhild skal følge spora til dei tre spreke karane tilbake til Fondsbu, medan Fjelljentene vandrar vidare nordover. I går gjekk gpsen til Marita tom for straum, og vi kunne ikkje skjønne at vi ikkje hadde med oss ekstra batteri til den... Jaja.. Ragnhild hadde jo gps og i vi får kjøpe batteri påLeirvassbu, dit må vi jo klare å kome oss ved hjelp av kart og stikker?!.. Men flaks for oss så hadde ein av dei tre karane på hytta akurat kjøpt batteri på Leirvassbu dagen før og kan avsjå eit til oss.. Pjuhh, det er jo greit å ha ein gps som funkar, just in case ;-) Så då kunne vi vandre vidare nordover i jotunheimen litt tryggare på at vi iallefall skulle finne fram viss kvisten skulle bli vekk igjen. Lavt skydekke, men sola er rett bak skyene, det er varmt, skikkeleg varmt og det snør. Av med jakka, på med jakka... Oppover bakkar, nedover... Vi er fortsatt forferdeleg dårleg på å renne nedover med pulk. Tung og våt snø gjer det umulig å både svinge og ploge, etter ei krasjlanding med voldsom kaving for å kome seg på beina att, tek Marita av skia, Elisabeth tørr ikkje anna enn å gjere det same, ingen fleire trynings med pulk! Heldigvis er der scooterspor under snøen, som gjer det mulig å gå utan å synke til knea. Så då går vi lett nedover bakkane ;-) Plutseleg er vi på Leirvassbu. Ein time før estimert.. Hurra. Vi går inn og tek oss like greit ein time lunsjpause. Etter å ha prata med nokre kjentfolk på hytta får vi vite at bakken opp frå Spiterstulen, mot Glitterheim, kan bli vanskeleg. Lite snø og veldig råtten snø. Hmmm.. Dessuten er det nesten ikkje snø nedover i sjoadalen, der vi hadde tenkt å gå. Lite kjekt å bli ståande med pulkar på ein veg utan snø og utan dekning. Vi tenkjer på saken medan vi spaserar vidare mot Spiterstulen. Når vi nermar oss fjellstova er det heilt klart at vi ikkje kjem oss oppatt på fjellet med pulk, der er jo nesten ikkje snø. Det er såvidt vi ikkje må til å bære pulkane bort til hytta, det gidd vi ikje, pulkane har tålt såpass mykje til no at ein liten tur til over lyngen går nok bra. Vi har bestemt oss, vi går frå Spiterstulen til Lom i morgon, det er 3 mil, overkommeleg. Så er det to etappar til på 3 mil til Vågå og Otta. Det blir planen, så håpar vi at nokon kan hente pulkar og ski på Spiterstulen og frakte det til Otta for oss. Etter det er bestemt sjekkar vi inn, får oss ein god og solid kjøttkakemiddag. Kjøper kvar vår øl og går på rommet for å slække, rote, pakke og ete chips. Fint liv.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar