søndag 27. mai 2012

Dag 51: Innstua turisthytte - Vera

18 km
7 timar
Dagen startar litt sakte.. Elisabeth er fortsatt kvalm og svimmel, har verkeleg fått kjent på korleis det er når ein får i seg altforlite mat og drikke. Marita fyrar i peisen, lagar pannekaker og Elisabeth får lov å sove til frukosten er klar. Etter pannekaker, kakao og masse vatn er det berre å legge seg på sofaen igjen... Det gjeld å ikkje spy oppatt den dyrbare maten ;-) Forma kjem seg etter kvart og vi legg om planane for dagane framover, det er ikkje vits i å presse kroppane meir enn nødvendig, vi bestemmer oss for å gå litt kortare enn planlagt i dag og bruke ein ekstra dag på etappa, mat får vi ordne undervegs... Alt ordnar seg jo! ;-)
Kl 1330 traskar vi roleg avgårde, eit lite stykke på veg før vi skal ta av og følgje ei merka løype over til Vera. ;-) Det går sakte men sikkert, sola skvisar seg veg gjennom skylaget og vi kan nyte ein liten pause i tørr og varm lyng. Elisabeth oppdagar at ho har fått eit gnagsår på lillefingren... ?? Det må vere etter trugeberinga i går... Herlighet, men skal ein teste ut korleis det er å ha gnagsår, så må ein jo teste skikkeleg.. Vi ler litt av denna latterlege "skada".. Og plastrar såret så godt det går.
Marita tar ansvar for å spotte dei raude merkene, Elisabeth går bak og kikkar på dyrespor. Oj, detta må jo vere Bjørnespor, og minibjørnespor.. Her har det nok gptt ei bjørnemor med den vesle bjørnongen sin.. Litt skummelt, men og stort å sjå merker etter store dyr, Elisabeth nynnar litt på "bjørnen sover", men innser at det er litt for skummelt å gå å tenke på, tenk om vi plutseleg møter ein bjørn... Hjelp! Heldigvis bråkar trugene nåke heilt forferdeleg, så vi satsar på at vi skremmer vekk alle skumle dyr. Oj, detta trur eg må vere Jervespor! Litt mindre og med klør... Marita ler og tenker nok at Elisabeth fablar... Vi har jo eigentleg ikkje peiling på spor.. Men noko må ein jo tenke på når ein går det bak.... Det er mange andre spor i snøen, men vi ser ikkje eit einaste levande vesen, eller jo.. Det er mange edderkopar som berre står på snøen... Elisabeth lurer litt på kva dei gjer på... Bere står der midt i det kvite... Hmm... Kanskje dei ventar på at noko godt skal traske forbi, Elisabeth trakkar godt utanom, vil ikkje trakke på, eller at edderkoppen skal hoppe opp på leggen..
Turen går fint, sjølv om bein og kroppar er slitne så lystrar dei fortsatt. Det er godt å nå toppen av fjellet, og endeleg kan byrje nedoverbakken til Vera. Sjå, Marita peikar, sjøen liknar eit hjarte! Så fin! Snart er vi nede.. Det skal bli godt med mat. Vi gler oss til å finne den perfekte campeplass ved sjøen. Plutseleg går stien rett ut i vatnet... What? Vi trudde vi skulle kome ned på ein veg... Kan den vere oversvømt? Gran og bjørkeskog i vill forening, tett og heilt grusom å prøve å trenge seg gjennom... Vi brøytar og brøytar og endeleg ser vi eit raudt merke og ei bru. Pjuhh... Men der er jo ei elv til... ? Kvifor er det ikkje bru over den? Vi finn ein grun plass og vassar over og rett inn i den tette gran- og bjørkeskogen. Lykke! Der er vegen! Vi ristar bark og kvistar ut av hår og kle og går ned mot Vera! Til alt hell finn vi ein fin lyngflekk heilt nede ved sjøen. Nydeleg, vi campar her. Kjempesvoltne og veldig slitne sleng vi sekane frå oss. Vi må finne vatn. Begge går, tilbake til bekken vi gjekk over for litt sida. Det er så bra at begge tek ansvar, vi samarbeidar veldig bra og er kjempegla for det. Sjølv om vi begge er slitne og svoltne og eigentleg berre har lyst å slenge oss ned i lyngen, så veit vi at det er viktig at vi bidrar. Og så må vi jo passe på kvarandre så ein ikkje forsvinn ned i bekken, eller myra... ;-)
Ein fin kveld med god mat til ein fantastisk solnedgang over Veressjøen! Det er godt å legge seg i soveposen, men ein burde kanskje sjekka at teltplassen ikkje har for mange tuer som stikk opp... Her er det berre å legge seg i ei stilling mellom tuene og bli der ;-)











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar