torsdag 17. mai 2012

Dag 47: Bjørneggen - Teveltunet

15km
6 timar

Detta her er jo berre ein "kvile"etappe. 15km, det tek vi lett! Tja.. Begge to har sove dårleg, vakna ofte. Ein brannvarslar har dårleg batteri... Biiiip!! Biiip! Sofaen til Marita knirkar og manglar ein planke akkurat under rompa.. Vi sprett ut av soveposane.. Auau. Oj så støle vi er under beina.. Det er nok dei lange trugemarsjane som har skulda. Vi rullar medisinballen vår under fotsålane, pain! Men god smerte som fiksar stølheten. Marita fyrer i peisen og Elisabeth tek seg av frukosten; Marita! I vaffelrøra er det dobbelt så mange kaloriar som i pannekakerøra! Vi testar. Vaffelrøre med havregrautblanding. Nam! I proviantlageret finn vi Energihonning frå Meråker og Marita er tilbake på honing og jordbærsylte på vaffelpannekakene! Ein skikkeleg kraftfrukost. Vi rullar nesten frå bordet. Planen var å starte tidleg (kl 9).. Vi er klare med sekkane på ryggen kl 9.45... Jaja... Dagen startar på grusveg ned til Stordal. Vi fantaserer litt om ein butikk eller bensinstasjon, Elisabeth drøymde jo i natt at Marita hadde handla 3 gigantiske posar med smågodt til ho på essoen i Stordalen.... Ingen Esso, berre ei ita kirke og ei skytebane. Vi bytter frå joggesko til fjellsko og går inn i skogen. Møter ein bekk, Marita vadar over lett som ingenting. Elisabeth tek ingen sjangsar og skiftar til crocs. Brr! Digg! Så går vi oppover skogen, pålane vi har støtta oss på dei siste dagane er ikkje å sjå, men stien er brei og fin og våt! Vi vassar oppover, klagar ikkje, det er jo fint å sleppe trugene! Vi konstanterar at det er ein smule slitsomt å gå i myr, men veiret er bra, det er varmt og det er bart. Ei stond. Trugene må etterkvart på, vi må kome oss over ei diger myrelv... Vi finn heldigvis ein plass det går an å hoppe over bekken! På toppen av fjellet tek vi oss ein lang lunsjpause. Et opp heile den heimelaga spekepølsa vi fekk frå fam. Gausdal på 1-2-3. Nam! Åhh.. Marita peikar! Sjå reinsdyra! ;-) Vi går vidare på truger.. Finn ut at dei funkar like bra i myrene som på snøen. :-) Vel nede og etter litt fram og tilbake finn vi fram til Teveltunet fjellstove. Her får vi oss ei hytte og dei tre depopakkane med mat vert lokalisert (etter eit par telefonar...). Vel inne på hytta organiserer vi maten utover golv og bord, karta som vi har lurt på om er riktige viser seg å stemme. Pjuhh. Elisabeth tek seg ein velfortent dusj og vi tek livet medro. Plutseleg kjem Marita på kompasse! Vi må jo ha nytt kompass. Vi hiv på oss kle og sko, og joggar ut på plassen, kanskje dei har på hotellet? Ein mann som bur i nabohytta meiner at det bør dei ha, vi sjekkar, nei. Ingen kompass! Shit! Trur du dei har i Meråker? Nei der er butikkane stengde, klokka er halv 6. Nabomannen går inn på kjøkenet i fjellstova og snakkar med kokken. Ho har telefonnr til ei som driv ei fjelstove i Storlien i Sverige, det er nermare enn Meråker. Vi ringer, ja ho har kompass, men vi må kome med ein gang for ho skal i eit møte kl 6. Vi ser på kvarandre.. Korleis kal vi kome oss dit? Nabomannen er redninga, kan de å køyre bil? Ja! De kan få låne min bil. Hurra! Er det mulig? Fortenar vi verkeleg å ha sånn flaks? Vi hiv oss i bilen og køyrer til Sverige. Finn ikkje fjellstova, så vi spør ein lokal som forklarar vegen til butikken til Tina (dama vi har snakka med). Vi er visst ikkje så gode på å ta imot retningsvegleiing og finn det best å ringe til Tina. Ho er på fjellstova, 3km forbi Storlien. Vi gassar på og finn endeleg fjellstova. Tina er kjempekosleg og ho har kompass til oss, vi kjøper likegreit to stk og ein liten gass til reserve. Herlighet. Det orndna seg. Vi bestemmer oss for å fylle litt bensin på bilen vi har lånt. Inn på bensinstasjonen. Veit du kva type bensin vi skal fylle? Hmm.. 95? 96? 98? Herlighet, må det vere så mange valg? Vi spør dama på stasjonen, ho veit ikkje... Ute står det ein mann og fyller på bensintankane, Elisabeth høyrer med han... Hehe.. Han ler og meiner det må vere 95 blyfri. Vi stolar på han og vert forsikra om at dersom det er feil type bensin vert ikkje bilen øydelagt. Pjuhh. Jentene på tur! ;-) På vegen tilbake tek vi oss ein kjapp Harryhandel. Vi må jo ha oss eit par øl og litt smågodt. Utanfor butikken står der tre bussar; gladreiser.no.. Haha..vi ler! Skikkeleg harryhandel faktisk.
Vel tilbake på Teveltunet får vi kvar vår skikkeleg øl av nabomannen, han har vore i Polen å handla! Syns jo ikkje vi ska sitte her å drikke svensk lettøl ;-) Tuusen takk! Resten av kvelden går til organisering av mat... 9 dagar med mat i sekken, huff no blir den tung igjen! For å spare noen gram klipper vi ut kun det vi trenger på kartene. Noen gram her og noen gram der, blir fort mange gram! Jaja! Vi bloggar og kosar oss til seine nattetimar og har bestemt oss for å sove lenge i morgon. Det er jo tross alt 17.mai. ;-) Vi skal gå i tog i 24km og gledar oss!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar