søndag 13. mai 2012

Dag 40: Kviledag på Savalen høgfjellshotell og spa

Ojojoj.. Her trengs det verkeleg ein kviledag. Krokbeinte går vi sakte bortover gangen mot frukosten. Vi føler oss om mogeleg endå verre til beins enn i går. Pensjonistane er allereie samla ved frukostborda, smiler til (av) oss der vi kjem stabbande.. Kor er den gåstolen? Sjølvsagt klarar vi å plassere oss på bordet lengst vekke frå buffeten.. Alt for vindaugsplass! Vi nyt ein lang og god frukost før vi går rett i velferdsbadet. Svært basseng med fleire basseng i bassenget, vi legg oss i dei boblande massasjestolane.. Herleg! Vidare til vannstrålemassasje.. Blir liggande, plasserar oss i ein litt komisk, men effektiv vinkel.. Ein stråle mellom skuldrane, ein på hofta, ein på leggen og ein under fotbladet. Her blir vi liggande. Vi har bassenget for oss sjølve. To timar nyt vi masserande bobler og du og du kor reine vi blir. Testar ut den varme grotta.. Tøy og bøy! ;-) Latter! Tilbake i boblebadet. Herleg liv.
Så er det tid for lunsj, ein svær ørretmiddag med dessert. ;-) Nam!
Så går vi å legg oss i sengene våre... Marita svarar på intervjumail frå Lillehammermagasinet, Elisabeth oppdaterar seg på fjesboka, spaserar ein liten tur ut i sola, tenker å teste ut trimrommet, men det blir med tanken. Vi flyttar oss ut i ein sofa, bloggar litt. Total avslapping. Pensjonistbussen rullar inn på tunet etter sightseeing på Røros, det vert servert brownies og kaffi. Nam! Eit par eldre damer kjem bort, "ho der ser ut som ho kan litt om mobiltelefonar.." Dorotelefonen er vorte heilt svart, kva kan vere gale? Har du slått den av, spør Elisabeth? Neei, trur ikkje det. Vi testar påknappen. Åhh der vart det lys. Du må skrive inn pinkoden. Åhh den ligg heime, jaja, telefonen virkar no iallefal. Takk for hjelpa! Jo det var så lite ;-) Søt dame. Så er det middag. Treretters! Vi gaflar innpå! Etter middag er det berre å spasere tilbake på rommet og hoppe til køys. Vi føler oss klare for morgondagens spasertur mot Vingelen. Planen er å gå så lang som vi gidd og telte i lyngen. Gjesp! Sov godt!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar