onsdag 16. mai 2012

Dag 42-43: Vingelen - Røros - Hviledag Røros

10 km
2 timar
Det regnar. Vi er ganske fornøgde med å kunne stå opp tørre og varme. Etter ein betre havregrautfrukost set vi kursen for Tolga. Kun 10km, det klarer vi fint. Der blir vi plukka opp av familien Gausdal som kjem frå Sandane. Vi gler oss til å sleppe den lange asfaltetappa til Røros. Ska bli digg med ein varm bil og familiebesøk. Før vi forlet Vingelen tek vi oss tid til ein tur innom matbutikken, der får vi auge på ein Siemens alarmsentral... Og vi sendte varme tankar til kollegane våre. Vi traskar grusveg, det høljar ned. Vi blir våte.. Hmm.. Ingen klaging, det er tross alt berre andre regnveirsdagen. Vi diskuterar litt.. Kva gjer ein eigentleg med kuene når dei ska bli sendt på sommarbeitet? Blir dei "avmjølka" på eit vis? Vi trur det, men føler det er best å høyre med far til Marita, eller mamman til Elisabeth. Neste tema. Dei der skilta; trekant med ein strek inni..kva betyr dei eigentleg? Vi finn ikkje svaret på dette heller... Hmm.. Skog skog skog og gjørmete grusveg... Der ser vi Tolga. Vi set kursen mot ein kafe.. For det må dei no vel ha. Marita spør ein liten gut, han viser oss motsatt veg... Hmm.. Nei vi går mot coop butikken. Der er ingen kafe, men to stolar og eit lite bord. Vi handlar chips, cola og snæck og ventar på å bli henta. Plutseleg kjem ein hyggeleg kar bort til oss og lurer på om vi er pilgrimar. Nja.. Vi går Norge på langs.. Ååå! Men chips og cola er vel ingen ferdamat som duger. Han stikk innatt i butikken og kjem tilbake med ein haug Rørosmeieriprodukter. Detta er mat for ekte turjenter. Mannen er bestyrar på Rørosmeieriet, han tek bilete av oss og vil poste det på fjesboksida og på twitter. ;-) vi takkar fint for maten og ikkje lenge etter dukkar Grethe, Per Ola og Trine opp. Ååå så kjekt det er å sjå kjende fjes. Vi stappar bagasjen i ein allereie overfylt?? bil... Vi har jo med oss mat til dåke! Mamma tek jobben som mor verkeleg på alvor ;-) Pappan til Elisabeth er overraska over kor freshe vi ser ut.. Hehe.. Vi ler. Kva forventa du deg eigentleg?
Vel framme på Røros innlosjerar vi oss i ei kosleg campinghytte og får servert heimelaga pizza! Nam! Ein fantastisk kosleg kveld rundt matbordet før vi stuper iseng allemann!
Jentene vaknar av romstering på kjøkenet! Vi står opp og ser Per Ola og Grethe i full sving med frukosten. Egg og bacon, kaffi, heimebaka brytebrød, eit tonn med pålegg, laks og eggerøre... Herlighet korleis skal vi klare å ete alt det her. ;-) Vi nyt ein herleg frukost og er så utruleg takknemlige for besøket vi har fått og oppvartinga. Det her er verkeleg luksus.
Ein sightseeingtur i Røros by, besøk ved den obligatoriske kirka, Marita får handla seg nye fjellsko og crocks! Det er fint å vere litt turist. Men så er det tilbake til hytta. Mor, far og søster tek seg ein powernap medan fjelljentene organiserar ny mat, veg utstyr og sekkar, slankar så godt vi kan...
Tid for middag og siste familiemedlem, Nina, kjem med bussen frå Trondheim. Far og mor diskar opp med hjortebiff og vi storkosar oss til langt på natt. Tusen takk for ei heilt fantastisk helg. Vi set utrulig stor pris på besøk frå familien.

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar