søndag 27. mai 2012

Dag 55: Holden turisthytte - Snaufjellvatnet

22 km
10 timar
1 vading

Sola skin frå klar himmel, nok ein varm og nydeleg dag i vente. Vi skal kome oss over tregrensa att, opp på snaufjellet. Skogen er vanskeleg å navigere i. Tett granskog blanda med bjørk, vårt favoritterreng! ;-) Vi prøvar so godt vi kan å følgje myrene, men gjennom skogen må vi til slutt. Vi tek ut ein kompasskurs, den viser veg rett gjennom tjukkaste granskogen. Det er berre å følgje pila, vi har ikkje sjangs utan. Det vert eit par banneord mot granene som ikkje vi sleppe oss gjennom, men med makt og list går det på eit vis. Vi pustar letta ut når vi ser taket på naustet ved Rørtjønna, som var første delmål. Ei lita matpause og ny kompasskurs mot neste vatn. Det er bra vi har litt vatn og myrer å forholde oss til på vår veg. Angeltjønnin er neste mål og deretter ei stor myr. Endeleg. Myra er lokalisert og vi set pris på det opne terrenget. Vi treff på eit svært vatn, som eigentleg berre skulle vert ei lita tjønn som vi hadde tenkt å gå rundt, men nei. Snøsmeltinga er i full gang og dei små tjønna er blitt til eit sammensurium av store vatn og elvar.. Vi prøvar å gå rundt, men her er ei elv.. Jaja... Vi får ta på crocsa og vade. Det er jo litt godt å få kjølt ned dei slitne føtene litt. Vi har ei elv igjen å krysse, men kva er det vi ser? Jo ei bru, hurra! Det er godt å kome over tregrensa, opp på fjellet, litt meir oversikt. Vi endrar litt på ruta og vel å gå over fjellet istadenfor nede i dalen, bra valg. Dagen går som ein draum, sola skin og varmar, vi svettar oss over fjell og set utruleg pris på det fantastiske veiret. Vi følgjer kompasspila og gløymer å følgje med på underlaget.. Uææææ!!! Auau! Elisabeth set truga fast i ei fjellbjørk... Og stupar framover, kneet deisar rett i ein kvist! Foten er fast og sekken held kroppen nede, Elisabeth klarer ikkje rikke seg. Marita kjem springande til unnsetning, får av sekken og løsnar truga, korleis gjekk det? Elisabeth klarer å stotre fram at det ikkje er alvorleg, berre eit slag på kneet.. Ei lita pustepause, smerten gjer seg.. Pjuhh! Vi har ikkje lyst på helikoptertransport! Vi traskar vidare, Elisabeth føl nøye med på bjørkene... Vi går rundt eit fjell og mot dagens mål, Snaufjellvatnet. Der ser vi ein einsam Rein. Vi går over ein liten ås og finn ein nydeleg lyngflekk. Perfekt! Vi listar oss ned på det islagte vatnet, Elisabeth litt skeptisk, men Marita som hakkar hol i isen kan betrygge med at det er tjukk is under overflatevatnet. Pjuh! Det e en grunn til at det heter OVERFLATEvatn, Elisabeth....! Vi får oss vatn, skiftar til tørre kle, set opp telta og nyt ein nydeleg middag til sola går ned bak fjella! Fint liv! ;-)





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar