mandag 30. april 2012

Dag 26: Tyinkrysset - Fondsbu

25km
7 timar

Dagen startar tidleg. Ragnhild har ikkje sove heile natta og Marita vaknar altfor tidleg, når Elisabeth høyrer romsteringa i hytta trur ho at ho sjølvsagt har forsove seg igjen og står opp. Etter ein laaang frukost, ein del koppar kaffi og ein litt uorganisert, men heilt normal pakkings får vi tak i ein taxi som kan frakte pulkar og ski opp til skiforholda, enden av Tyinvatnet. Kl 11.30 køyrer taxien med Ragnhild som følgebil oppover på fjellet. Marita og Elisabeth tek beina fatt med kvar si banan til niste, ca 5km på asfalt, det må jo gå fint. Etter 45 minutt trakkar vi inn på parkeringsplassen og finn Ragnhild halvsovande i bilen, med eit halvt auge på pulkane, sjølvsagt. Litt organisering og vi er på veg over Tyinvatnet. Det er svært lavt skydekke og regn i lufta, vinden bles kraftig inn frå sida.. Kor langt var detta vatnet? Hmm.. Det burde vi vel kanskje ha sjekka? Vi går og går... Det er skikkeleg kaldt å guffent, vi har sjølvsagt ikkje heile vatnet på kartet og vi er laaangt utanfor kartet i følge gpsen. Buksene byrjar å lekke på vindsida, spesielt Elisabeth si, og smart som ho er valgte ho å gå utan både stilongs og lange ullunderbukser i dag... Det var jo så varmt ute... Nja.. Kald, våt og svolten, her må der småjogging til for å få opp tempraturen.. Bakerst i roleg jogg... Kan ikkje stoppe, det er for kaldt til å ta på stilongs no. Vi går og går, Marita held eit roleg og overkommeleg tempo, Elisabeth joggar og Ragnhild slit litt med skiteknikken. Eit par tips, og det gjekk mykje betre. Er vi kome inn på kartet no? Marita sjekkar gpsen,nope! Eit stykke att. Ok. Svolten, kald, våt, men humøret er på uforklarleg vis ikkje så gale. Vi ser kun kvitt kvitt kvitt og stikkene som heldigvis ledar oss straka vegen over det utruuuleg lange vatnet. Marita stoppar og matar Ragnhild og Elisabeth med kvar sin sjokoladebit. TAKK! Vi går i all evighet. Er vi inne på kartet no da? Ja... Hurra! Berre nokre kilometer att av vatnet. Og der ser vi Tyinholmen hotell i enden. Vi går forbi ei råk.. Følger scooterspora og held oss på trygg avstand. Pjuhh. Hotellet. Vi søker ly i ei krå, tissar, ete nistepakkane våre og Elisabeth kan lykkeleg ta på seg ein stilongs og gode, varme tørre ullvottar. No er det berre 6km att til Fondsbu. 2 timar til, det klarer vi. Etter ein liten time stoppar vi opp? Hæ? Koffor går vegen ned dit? Ska vi gp over på kvista løype igjen eller? Hmm... Er det...? Kan det vere..? Ja vi trur faktisk at det er Fondsbu og Eidsbugarden vi ser der nede, det MÅ vere det. Ja!! Hurra!! Har vi gått så fort? Jaja... Vi droppar å tenke meir på dagens kart og distanse fadese og sklir superglade nedover mot varmen og mat som ventar.
Rett inn i tørkerommet, av med alle våte klede og mellom diverse digre underbukser som heng til tørk, klare vi å få hengt opp stort sett alt vi har med oss og varme, tørre og glade kan vi setje oss ved middsgsbordet og nyte den beste middagen sålangt på turen.
Vi anbefalar absolutt ein tur til Fondsbu, fantastisk vertskap og nydeleg mat og ikkje minst ein vakker natur (har vi høyrt).
God vin, god mat, godt selskap god bevertning... Dagen fekk ein fantastisk avslutning, og var ikkje minst veldig lærerrik. Neste gang sjekkar vi distansen over vatnet..... ;-)

PS: Det kommer flere bilder fra denne dagen og dagen etter når vi gikk til Olavsbu så snart vi får bildene fra vår fotograf Ragnhild. :-)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar