søndag 1. april 2012

Dag 1. Lindesnes - Ljosland

Vi hoppa utav sengene, superklare til dagens sykkeletappe!! Ja for vi fekk faktisk kvar si seng å sove i første natt på Lindesnes campinghytte nr 7. Luksus!
Etter ein inspeksjon av syklane oppdaga vi sandete og tørrblåste kjeder... Hmm.. Heldigvis fekk vi litt motorolje i ein kopp av campingplassmannen og med ein sokk fekk vi både tørka av og smurt kjeda. ;-)
Litt akrobatikk på Lindesnes fyr, og så bar det avgårde i ein susande fart. ;-) Anne Linn køyrte i forveien og venta på oss med mat og drikke både på Vigeland og Audnedal stasjon, der lunsjen virkelig gjorde godt.
Etter lunsjen slukte vi mil etter mil i motvind og oppoverbakkar, men med godt teamwork gjekk det som ein "leik"... Det var heilt fantastisk å sykle i stillhet på eigne premiss utan tilrop som "hold høyre!!!", "rulle!!", "tettere", "gje på i bakkane!!!!!"... No offence til dei som føler seg truffet ;-)
Vi brukte 8,5 time på 122km.. Det var fantastisk å kome fram og få servert hamburger og ei god kald øl før vi måtte pakke pulkbaggar med mat og utstyr - lettar kaos ei lita stond innpå rommet, men vi fekk orden og kunne legge oss til slutt..

I dag vakna vi med eit vræl når vi satte oss opp i sengene, og rompene våre er sjeleglade for at vi ikkje skal sitte på eit sykkelsete på veldig lenge ;-) ;-)
No har vi ete frukost og fått køyrt opp utstyr til dit vi skal starte. Snøforholda er litt dårlege her i starten, så vi må, i ekte ekspedisjonsstil, bære pulkane eit bitte lite stykke... Vi gledar oss!!
Anne Linn har reist vestover igjen, tusen takk for fantastisk hjelp under 1.etappe, den hadde ikkje vert så "lett" utan di hjelp!!!

No vandrar vi innover i fjellheimen, reknar med å vere framme på Haukeli ca 12.april.

"Those who say it can't be done should get out of the way of those who are doing it."

Dette sitatet låg i første depo, underskrevet anonym. Our point exactly!












1 kommentar:

  1. Utrolig artig å følge dere på denne bloggen! Stå på videre - lykke til!

    SvarSlett