mandag 2. april 2012

Dag 3: Langevatn - Nesten Pytten

3 km
ca 8 timar

Denna dagen er vi forbredt på at blir ein mentalt tøff dag. Vi skal forflytte oss ca 4km, det er målet. Vi veit at vi må gå minst 3 gangar så langt, korleis motiverer vi oss til ein slik dag?
Vi vakna til sol frå klar himmel og veit at vi er priviligerte og heldige som får lov å vere ute heile dagen, detta er ein tur vi har valgt og som vi går på våre eigne premiss. Det er kun vi som kan løyse dei problema og utfordringane som møter oss.

Vi tek pulksekkane og teltet på ryggen og lempar matsekkane (som er ganske så tunge) oppatt på og så går vi. Vi har sett for oss å klare å nå Pytten, ei hytte ca 4km frå der vi er. Etter å ha gått i ca 2 timar innser vi at vi må campe i ein dal før Pytten. Sola står fint på og vi bestemer oss for å slå opp teltet før vi traskar tilbake for å hente pulkane. På vegen t1ilbake sonderar vi terrenget og sjølinja etter snøflekkar med mulighet til å dra pulkane. Vi prøvar å ikkje tenke på kva som ventar oss dei neste timane... Etter 1t er vi tilbake ved pulkane - det er berre å sette igang. Vi løftar opp den første pulken mellom oss og går så langt vi orkar, når vi er slitne, set vi frå oss pulken og går tilbake for å hente den andre... Og sånn går det framover litt etter litt.. Noko som hjalp oss mentalt dei to første dagane, var tanken på ein planleggingskveld for nokre mnd sida då vi såg dokumentaren om Cecilie Skog og Rune Gjeldsnes sin sommer tur til nordpolen. Då tenkte vi at uansett kor store utfordringar vi kom til å få på denne turen, så visste vi at det var nokon som hadde hatt det verre. Men no gjekk vi å leita etter snøflekkar på lik linje som dei leita etter open sjø, sjå dokumentaren så skjønar de teikninga (Utan samanlikning forøvrig, Nordpolen er nok ei utfordring i ein annan skala).

Vi fann heldigvis litt snø her og der og fekk kvilt slitne og hovne fingrar nokre minutt innimellom, og etter 4,5 timar (faktisk mykje kjappere enn vi først trudde) var vi endeleg tilbake ved teltplassen. Godt fornøgde med dagens innsats romsterar vi oss tilslutt på plass i teltet, med middagen - drytech - som aldri har smakt betre og prøvar å få varmen i tena før vi pluggar i iPoden og sloknar momentant.























1 kommentar:

  1. Til tross for hardt arbeid med de pulkene, så ser alt sammen veldig idyllisk og flott ut!

    SvarSlett