lørdag 7. april 2012

Dag 8: Kringlevatn - Vassdalstjørn

25 km
10 timar

Vinterlandskapet er så utruleg vakkert, det må vere det vakraste landskapet som finst. I dag har vi gått i eit vinterparadis, med sol frå klar himmel, vindstille, med kvitkledde vidder og fjell i det uendelege framfor oss. Vi snakkar mykje om kor heldige vi er som får oppleve det her. Vi har tidlegare snakka om at vi har lyst å gå lange skiturar over for eksempel Grønland. I dag fekk vi ein liten smakebit på å gå laaange flate strekningar då vi kryssa Blåsjø, ca 1 mil. Vi brukte 3 timar, det var fantastisk vakkert, men det blei litt monotont og kjedeleg. Vi har vel funne ut at vi likar oss best når det går litt opp og ned og at vi får utfordra oss litt. No seier vi ikkje at det ikkje er utfordrande å gå over Grønland, men.. Vi trur det blir altfor lange flate strekningar og for kaldt! Vi har jo erfart at teltliv i mange minusgrader var for kaldt til å kalle kos, og kan ikkje sjå for oss at teltlivet på Grønlandsisen kan bli noko serleg varmare... Og der er det tross alt snakk om tre veker i telt.. Brrr!!

Dagens utfordring var å kome opp demninga til Blåsjø. Heldigvis hadde ein erfaren fjellmann vi traff på Kringlevatn trakka opp spor som viste veg opp demninga. Pjuhh, der var vi heldige og slapp å orientere sjølve... Hehe.. Litt flaks må ein ha. Demninga var bratt, og siste kneika var brattare enn brattast. Der måtte Marita kjempe seg opp med pulken sin, mens Elisabeth sto nede og heia. Så måtte ho kome nedatt og skubbe Elisabeth over kanten! Vi klarte det! Hurra!!
Dagens kos var vandringa over Blåsjø og det strålande veiret :-)
Nattas draum: Elisabeth drøymde at ho var på besøk med Heidi, og fekk lov til å stikke innom ein butikk og kjøpe seg ei ny truse!!! Glede!!
Dagens draum: Marita drøymer om sand mellom tena, hengekøye, 30+ og ein paraplydrink.
Dagens openbaring: Marita hakka seg gjennom isen for å finne vatn og tenkte; Eg skal aldri!!Aldri!! Isbade!!
Dagens matdraum: Elisabeth ønskar seg sushi, spagetti og potetskrua. Marita drøymer om pannekaker med honning!
Kveldens kos: Bache framfor peisen! ...no er flaska tom... :-(
Kveldens forglemmelse: Marita glemte å spise påskeegget hun hadde mast om hele dagen at hun skulle spise på kvelden.





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar