lørdag 14. april 2012

Dag 14-15: Haukeliseter - Hellvassbu

26 km
9 timar


Etter ein kviledag der vi ikkje brukte andre musklar enn tyggemuskelane og litt hjernetrim etter ei utfordrande iq-oppgåve frå vår kjære venninde Cathrine Flo Ellingsen, var vi veldig klare for å bevege oss ut i frisk luft igjen. Cathrine har vert så snill og laga ei lita overraskelse til oss i kvart depo, vi storkosar oss og gledar oss til kvar konvolutt ;-) vi må innrømme at vi ikkje klarte å få riktig svar på alle spørsmåla på quizen på Ljosland, men vi valgte å gå vidare likevel - sjølv om det eigentleg ikkje var lov ;-) 
Sola skin frå skyfri himmel, noko vi byrjar å bli godt vande med, Toril og Heidi er superklare for å joine oss oppover bakkane og inn på den "flate" Hardangervidda. Dagens mål er Hellevassbu, og vi startar som vanleg ;-) dagen i bh.. Opp ein monsterbakke, der Elisabeth måtte av med skia - like greit å få den unnagjort, rett opp, Marita bautar seg i sikksakk oppover og våre nye turkameratar traskar oppover lett som berre det ;-) iallefall føles det sånn for oss med pulk ;-) Endeleg på toppen. På med faktor 30 og ein liten photoshoot før vi traskar vidare oppover. Ein liten orienteringsglipp som nesten fører til at vi går rundt og tilbake til Haukeli, men heldigvis oppdagar vi bommerten og kan gå vidare i riktig retning. ;-)
Vi kappgjekk med hundespann, gomla sjokolade og nøtter, smurte nasa med ekstra solkrem, kjempa oss oppover bakkane, smilte og kosa oss. Utpå dagen skya det over og byrja å snø. Det snødde og det klabba og vi kosa oss. Ei lita lunsjpause ved ei lita bu, litt kakao og ei havrebombe gjer susen.
Dagens oppdaging: Elisabeth innsåg at ho faktisk ikkje var så flink til å gå på ski, medan dei tre andre suste avgårde, var det ei som hang på slep langt der bak. Heldigvis etter litt studie av Heidi sin skistil, skjønte Elisabeth kva som måtte øvast på, innsåg vel og at det var umulig å øve på skistil med ein tung pulk på slep. Med litt lettare hjerte stabbast det vidare langt der bak. Marita tok heldigvis ansvar og tok etter kvart stilling bakerst for å plukke opp etterslepet. På kvelden klarna det oppatt og då vi ankom Hellevassbu var himmelen atter skyfri og vi fekk med oss ein nydeleg solnedgang på veg mot hytta. Då vi var vel framme og skulle lesse av pulkane, kom den eine etter den andre av ivrige Kongsberg turlag folk ut og ønska oss velkomne, veldig kjekk velkomst ;-) Inne var det fullt liv av ein heil gjeng frå turlaget frå Kongsberg, vi fekk oss eit rom på hemsen der eksplosjonen raskt var eit faktum, igjen. Kvelden gjekk med til mat, ein hyggeleg prat med dei andre på hytta og så blei det tidleg i seng for slitne jenter.
Vi klarer faktisk ikkje å få orden i rekkefølga på bildene, men litt utfordring må jo de lesarar ha og. ;-)
Vi må og få takke fotograf Toril for bildene ho tok!






























1 kommentar:

  1. Hei hei.
    Dere er ufattelig spreke, blir heilt imponert over det dere gjør :-) Stå på og god tur videre :-) Gleder meg til neste innlegg
    Hilsen Heidi Ø

    SvarSlett