tirsdag 17. juli 2012

Dag 108: Gietkanasjohka leaksi - Skaidi

29 km
9,5 timar

Marita vaknar kl 0430, shit kor varmt det er. Sola varmar teltet, det er klamt og varmt og vindstille. Her er det berre å kle på seg, spraye seg med myggspray og kome seg ut av teltet. Elisabeth søv enda, men høyrer i dorska at Marita er ute og klirrar med flaskene... Ho går nok for å fylle vatn, tenker Elisabeth og byrjar å tenke på å stå opp. Det er uutholdeleg varmt i teltet. Ut av soveposen og der tok søvnen ho igjen. Marita er tilbake etter vannfyllinga og Elisabeth innser at her er det berre å få på seg kle og kome seg ut. Varmt! Og myggen surrar! På med myggspray, caps og myggnetting, goretexkle for å hindre at myggen stikk gjennom kleda. Ok! Vi droppar frukosten, pakkar saman i rekordfart og byrjar på den nesten 3 mil lange etappa til Skaidi. Klokka 0644 står vi med myggnetting over haude og sekkane på ryggen! Ny rekord! Elisabeth knekk ein halv pose chips til frukost, medan Marita tar seg med eit eple og en havrebombe to go. Vi går ca 5 km til ein rasteplass. Marita har ferdig oppkokt vatn på termosen og vi et havregraut og får oss eit par kaffikoppar før vi tek beina fatt igjen. Marita har knekt den andre sporken ila turen. :-) Myggen er her med ein gang vi stoppar, ingen fred å få. Det er varmt, 19 grader og sol, svetten silar, men vi tørr ikkje kle av oss, ikkje enda. Vi går i grøftekanten, gla for at det er mulig å gå på grus. Held eit tempo på ca 5km i timen, det går fint, men Marita slit med ein vond ankel og føtene kjenner det harde underlaget. iPoden inspirerar oss vidare, Good Life og Gabrielle motiverar oss framover. Ny pause, rasteplass med toalett. Elisabeth held pusten og går inn på det reinaste og best luktande toalettet ho kan hugse å ha vert på. Wow! Korleis klarer dei å få ein utedo til å lukte so godt. Grønsåpe! Marita, du må nesten gå på dinna doen ;-) Vi går og går og det er ikkje stort som skjer på vår veg, humøret stig eit par hakk kvar gang ein turist i bobil vinkar til oss, takk ;-) Klokka er 11, det er no vi pleier å starte dagsmarsjen, vi ler, i dag har vi gjort unna nesten to mil! Effektivt å byrje tidleg. Vi tørr etter kvart å kaste jakka, Elisabeth dristar på seg shorts og litt ekstra myggspray på beina. Detta var bedre, no svettar vi iallefall litt mindre! Vi møter ein syklist frå Tyskland, som pratar norsk. Han er tydleg glad for å møte andre folk på vegen og vi vert ståande ei stund å prate med han, han har faktisk sett det eldste treet i verden, som visstnok skal befinne seg i dei svenske skogar ein plass. Godt gjøymt for turistar! Ellers har han vert på Nordkapp og er på veg sørover til Lofoten. Han er imponert over å møte gåande turfolk på veg til Nordkapp, vi er dei første på beina, vel vi skulle jo eigentleg gått i fjellet da.. Så ikkje så rart han ikkje har møtt andre fotturistar ;-) Fleire av dei vi møter kan fortelje om gårsdagens mygghelvete, det er visst ikkje berre vi som syns myggen er gale. Beina verkar, vi har jo tidlegare erfaring med asfalttrakking, og tankane går til Spiterstulen - Lom og vegtrakkinga mot Savalen! Vi har klart det før, så vi skal no klare det denna gangen og. Marita sin fot verker så ho haltar. Elisabeth er bekymra, veit kor kjipt det er å ha vondt! Vi VIL fram, så det er berre å bite tenna saman og gå. Vi møter ein del reinsdyr og turistar som bråstoppar og hoppar ut for å ta bilde, vi ler, men tek oss fort i det.. Vi er ikkje noko betre sjølve ;-) Det er jo spanande med reinsdyr! Og dei er så fine no når dei har fått tilbake gevira sine, flotte og store gevir!
Ny pause, no er det berre 8,5km igjen. Nesttun - Siemens, det klarar vi! Pause, 3,5 km att! Og endeleg er vi i Skaidi. Vi tek ein stopp på den lokale matbutikken, sjokkomelk! Lokaliserer eit Motell! Hm.. Spennande, vi har aldri budd på motell før, får oss eit fint rom med vegg-til-veggteppe, tv, bad, handkle, sengekle og kjøkken. Perfekt! Ein dusj no er himmelsk! Vi slækkar litt framfor tven, det er rart å vere framme kl 1615 og ha gått i nesten 10 timar ;-) Kanskje vi skal byrje eit nytt og bedre liv? Stå opp tidleg? Vel, vi får sjå! Middag på kroa, skikkeleg kromat... Ikkje verdas beste, men no kan vi ete kvasomhelst! Kvelden tilbringast framfor tven... Vi knekk ein pose chips og et oss kvalme på smågodt! Så kryp vi under dyna før kl 22 og sloknar!












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar