tirsdag 10. juli 2012

Dag 95: Sortland - Nøss

7 mil
Opp tidleg? Nja. Vi står no opp når vi vaknar. Ca kl 9. Veirmeldinga lovar sol og fint. Vi kler oss opp i tightsane våre og etter ein lang og god frukost. Klare for å pakke syklane; what? Regn? Æsj! Det er berre å skifte til regnkle og setje seg på syklane, det blir sikkert bedre utover dagen. ;-) Vi syklar over brua, forbi ein flyplass og langs fjorden. Første mål er Risøyhamn. Det er ca 4 mil. Regnet har gjett seg, Marita har tunge bein, skuldar på gårsdagens alkoholinntak, altså inga unnskyldning, her er det berre å bite tenna saman og sykle. Sola varmar eit par minutt, vi nyttar sjangsen, tek ein rastepause rett etter grensa til Andøy kommune! På Risøyhamn tek vi ein kaffipause på ein kosleg kafe. Fint å kunne gå inn og varme kalde kroppar. Vi sit lenge. Det dukkar opp eit par andre syklistar, dei har racersyklar fullessa med bagasje... Hmm... Vi er gla for å ha vognene våre vi ;-) Ok. Neste mål er Bø på Andøya. Det er ca 2 mil. Det må gå. Andøya er flat. Heldigvis. Det er fint å sleppe bakkar opp og ned.. Men Andøya har motvind. Wupps! Endelge når i fram til Bø. Vi stoppar på ein kafe/campingplass. Der er det fult kaos, dei som jobbar der er ikkje spesielt hyggelege, vi prøvar å spørre om der fins ein fplass å telte i nærheten, men ho i resepsjonen veit ikkje... Ok. Vi føler oss ikkje serleg velkomne så vi set oss på syklane og syklar vidare. Ei mil seinare finn vi ei perfekt sandstrand. Sauane som held til der flyttar høfleg på seg så vi får den beste teltplassen, takk! ;-) Real turmat tilkvelds og så er det natta. Vi kryp i posane og ligg og lyttar til bølgene. ;-)














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar