mandag 2. juli 2012

Dag 90: Ramberg - Eggum

5,4 mil
Det er regn i lufta, vi tek med oss rotet vårt og finn oss eit ledig bord i fellesstova. Bordet er lite og vi eksploderar raskt utover med den enorme mengda mat vi dreg med oss. Etter at vi har fått tilgang til butikkar er matposen alltid smekkfull. Det er godt å kunne ete sunt, proppe i oss frukt og bær og mange forskjellige typar pålegg. Havregrauten er forlengst gløymt og gjøymt lengst nedi sekken, den kjem nok ikkje fram att før på Finnmarksvidda... Vi har bestemt oss for å få fart på blogginga, vi ligg jo over ei veke bak. Vi skriv kvart vårt innlegg og pakkar sakene. Klare for dei 5 små mila mot Eggum. Vi gledar oss til å treffe Gunn-Helene med familie. Turen startar i motvind og yr. Vi tek ein liten pause etter ca 10minutt. Endå ei fin strand, ei kosleg dame som sel kaffi og vafler med heimelaga rørte jordbær. Nam. Regnet gjer seg og vi får eit par solgløtt. Hurra. Vi syklar inn ein fjord, det er så kort over, her burde vert ei bru seier Marita! Vi ser det positive i det, vi får medvind, eit lite stykke ;-) og innerst i fjorden er det så masse fine blomster og fleire sandstrender. Naturen er utruleg vakker og vi nyt sykkelturen. Det einaste som bryt idyllen er dei svære trailerane som susar forbi i altfor stor fart. Skummelt. Heldigvis er det mest turistar, bubilar, på vegen. Dei tek hensyn, gjev oss god plass og ventar til det er klart før dei susar forbi, mange vinkar, så kjekt ;-) Vi held ein god fart, ca 2mil i timen. Er fornøgd med det sia vi har vogner på 30-40kg hengande på slep. Elisabeth er fasinert over alle jorda som er dekka av smørblomst! Det er så fint! Alt er gult, grønt og vakkert! Lurer på kvifor her er så masse smørblomst, kan ikkje hugse å ha sett så store mengder på ein gang før... Hmm... Plutseleg ser vi eit lite skilt; kaffi og heimebakst! Vi tek ein stopp på Lill Gunns gårdsbakeri (med forbehold, er ikkje så lett å hugse alle detajlar..). Vi går inn, åå så kosleg. Tek oss kvar sin kaffi, det er gratis påfyll, som vanleg her oppe i nord. Elisabeth testar ut Rabarbrakaka. Nam! Vi handlar babysokkar og mammatjokkesokkar til Gunn-Helene og heimelaga rabarbrasylte til vertane våre. Så syklar vi vidare, kjem til krysset der vi skal ta av til Eggum. Best å dobbeltsjekke, vi ringer Gun-Helene og får bekrefta at vi er på riktig veg. 1 mil til Eggum. Vi brukar 30 min. Når vi rundar neset på Eggum bråstoppar vi, for ei nydeleg strand og alle dei blomstrane. Utruleg vakkert. Gunn-Helene tek oss imot og vi helser på familien. Huset er barndomsheimen til far og onkel, det er under oppussing og manfolka sit på taket og legg stein. For ein idyllisk plass! Det har ikkje alltid vert idyllisk, kan far konstantere. Det var tøffe kår å vekse opp her ute i. Vi får mange historiar frå staden, ser bilder frå slik det såg ut før. Eggum var ein av dei største fiskeværa før i tida, då det ikkje fans motorbåt måtte folk flytte lengst mogeleg ut mot havet så det ikkje var så langt å ro ut til fisken. Etter at fiskebåtane vart motorisert var det ikkje så viktig å bu ute i havgapet og folk flytta til mindre utsette plassar. No er det rundt 80 fastbuande på Eggum. Eggum ligg nordvestvendt og har visst ei av dei beste utsiktane til midnattssol ein kan tenkje seg. Det kan vi sei oss einige i, utan at vi har så stor erfaring på det..enda.. ;-) Mor dekkar på til kvelds, heimebaka brød og ein nydeleg nordnorsk brunost, Misværost (geit og kumelk). Vi et og et, det nesten pinleg, men vi vert forsikra om at det berre er å ta for seg. Takk!
Etter kveldsmaten tek Gunn-Helene oss med på ein spasertur på stranda, moloen og i enga, Elisabeth er fasinert over at Hundekjeksen når ho til under armane... Så er vi klare for kveldens eventyr, Gunn-Helene skal ha Arctic-Midnight-Yoga i midnattssol. Vi gledar oss. Syklar utover og får med oss litt kultur, Nordland har eit projekt, skulpturlandskap, der dei litt rundtomkring har sett opp forskjellig kunst. Her er eit haud, ved å gå rundt haudet endrar det seg, opp-ned frå eine sida og riktig veg frå ein annan vinkel. Fasinerande. Yoga i midnattssol vert ein fantastisk oppleving, der vi står med huer og våttar i updog og downdog, krigar 1 og 2. Gunn-Helene er ein dyktig instruktør og alle kosar seg.
Etter yogaen tek vi oss ein kvelds nr 2, musli! Nam, det hadde vi nesten gløymt at eksisterte. Vi et opp all muslien, det er ikkje berre berre å ha svoltne turjenter på besøk ;-) Etter litt kveldsprat stuper vi trøytte til sengs. Takk for ein nydeleg dag!

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar