søndag 1. juli 2012

Dag 86: Å - Munkebu

Sola varmar teltduken. Marita stupar ut av teltet i 8-tida! Ein liten tur på toiletten og tilbake i teltet. Det er umulig å gå innatt i den badstua. Ut med liggeunderlag og sovepose og så sovnar Marita att midt i turstien vi har campa ved. Der ligg ho i bh og truse med open sovepose og hua ned framfor auga. Høyrer turistane traske forbi før ho sloknar att i solsteiken. Elisabeth stuper ut av teltet i 1030-tida... Svetten renn og her er det berre å dra liggeunderlaget ut i sola og kollapse på det. Vi ligg lenge og solar oss/slappar av. Det er herleg og varmt! Frukost! Ligge litt til. Det var kanskje ikkje så lurt å sitte oppe til kl 0330 i går? Jaja... Kan jo ikkje alltid vere lure, vi hadde det jo kjekt! Og det var st.hans! Vi tek oss ein spasertur ned til Å sentrum, får lada mobilane våre på cafeen medan vi tek oss ein cola og kaffi. Møter eit hyggeleg ektepar som er på bubilferie og visstnok har observert oss på Bodøsjøen camping ;-) vi får tips om bakeriet rett opp i gata og tek turen dit. Dei serverar nybaka bollar og brød kvar dag. Vi prøvar oss på kanelbollane. Nam! Utanfor bakeriet er eit liten miniatyrfiskeri på graset. Tilbake ved telta tek vi oss ein liten pause på liggeunderlaget igjen før vi pakkar sekkane og set kursen for Sørvågen. Der et vi middag på cafeen Maren Anna, som serverer veldig god mat. Så er det tid for å bestige fjellet. Vi skal ca 500 meter opp til ei turisthytte, Munkebu. Vi dreg syklane oppover grusvegen. Varmt og godt og slitsomt! Parkerer og omorganiserer, dreg med oss det vi treng og litt til i sekkane. Det er pinleg tungt å gå oppover. Og det er bratt. Rett opp! Men veiret er fantastisk og vi får svetta ut siste rest av gårsdagens utskeiing. På vegen møter vi fleire andre teltarar og er litt misunnleg på dei fine teltplassane dei har funne seg. Då vi ser hytta, etter eit par timar, er gleda stor. Vi bestemmer oss for å campe litt ovanfor hytta, så slepp vi snøen. Den har vi fortsatt eit litt anstrengt forhold til og held oss på trygg avstand. Plassen vår har nydeleg utsikt mot Hermannsdalstind, Munken, vatna nede i dalane og mange andre flotte fjell. Vi et litt kvelds og kryp i soveposane. Det er herleg å vere på fjellet igjen! ;-)















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar