lørdag 21. juli 2012

Dag 110: Skaidi - Oarjecohkka sør

25 km
10 timar

Vi sprett ut av sengene og hiv i oss frukosten klare for å kome oss til Nordkapp! Neida, morgonen utartar seg akkurat slik den pleier. Ein god og lang frukost med fleire koppar kaffi til. Vi har bestemt oss for å gå nordover frå Skaidi mot Russelvdalen istadenfor å gå mot Olderfjord. Vi har myggspray og nettingen klare og går oppover grusvegane mot fjellet Cinkarassa. Beina funkar og hauda er stort sett med. Elisabeth er litt bekymra for myggen som er rundt oss med ein gang vi går inn i skogen. På med netting og litt ekstra spray, vi satsar på at det bles litt meir over tregrensa. Vi hoppar over reingjerdet og der oppdagar vi at Marita sin myggnetting er vekk. Shit! Det kan bli krise. Marita går tilbake og finn den i ei grøft. Pjuhh! Opp ca 250 slake høgdemeter og der er det vind. Perfekt! Vi fortset nordaustover mellom fjell og dalar. Landskapet her er ganske flatt, ikkje spesielt markerte fjell eller dalar, her er grønt, myrete, ein drøss med vatn, steinete, flatt og veldig lett å gå. Vi startar å mimre. Hugsar du den første dagen, Marita? Åhh.. Då vi sto i vinden på Lindesnes fyr, lunsjpausa med Anne Linn og motvinden og oppoverbakkane som ikkje var så gale som vi trudde? Og pulkberinga dei to første dagane. Vi ler! Det er godt å prate om turen vi har hatt, alt vi har opplevd dei siste fire mnd, no er det berre fire eller frem dagar igjen av turen. Det føles lenge, for no er hauda våre byrja å plassere oss i stressless og sofa. Det er vanskeleg å ikkje tenke på heimlengsla og kor godt det skal bli å slappe av. Vi mimrar om skietappa, turen til Finse som var så utruleg nydeleg og den tøffe dagen til Kjeldebu. Det er fint å spasere og fjase og tenke, men vi må setje opp tempo viss vi skal kome fram i dag. Elisabeth tek kompasset og kosar seg med å få vere stifinnar, det er ingen stiar her, men masse masse dyretråkk og gangar som mus (trur vi) har laga under snøen. Myrene er ei utfordring, sist vi gjekk i myr hadde vi jo trugene som bar oss, no må vi passe på så vi ikkje synke. Elisabeth trakkar først og det går sovidt med litt flaks, men så kjem Marita og synk til knea, shitshit! Vi må snu! Vi kjem oss på trygg grunn og har lært at slike myrer går vi ikkje ut på. Det vert eit par omvegar rundtmyrene, men til slutt når vi reingjerdet vi skal krysse, og no er det berre ned dalen til Russelvdalen og litt oppatt på andre sida. Lyng, lyng og meir lyng. Det er fint å gå i, men litt krevande for anklane. Elisabeth finn ein stein, her et vi middag. ;-) klokka er halv seks og vi har nokre timar att å gå, like greit å gje kroppen litt skikkeleg bensin. Vi kosar oss med Real og litt te før vi går vidare. Rett etter pausa finn vi stien, eller ATV-vegen... Og det er digg å kunne følgje denne ned til vegen. Over ei bru, nede i elva er det ein haug med ungar som leikar.. Brr tenker vi! Men det ser ikkje ut som om desse tøffingane synes det er kaldt! Vi går oppover på fjellet igjen! Ved ei lita elv finn Marita oss ein fin lyngflekk rett sør for Oarjecohkka fjellet. Her campar vi. Det er godt å krype ned i soveposen!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar