lørdag 12. mai 2012

Dag 38: Folldal - Eiunndalen

22km
8 timar

Opp og stå, fikse gnagsår, på med gnagsårplaster, auauau... Hmmm.. Kjem eg meg ned i skoa i dag? Eller må eg gå med crocsa? ;-) Elisabeth prøvde å operere ut væske frå gnagsåra i går, men kroppen må visst ha væske der for det er kome ny på morgonen... Satsar på at compeeden gjer jobben og healar dessa domme blemmene kjapt. På med sko... Ja det går. Marita har bestemt seg for at ho MÅ ha seg nye fjellsko i Røros! Vi tek sekkane på ryggen, fy søren kor lette dei er blitt. Detta er jo superluksus! Jens insisterar på at vi må vege sekkane våre og har funne fram ei fantastisk antikk vekt.. Vi er sikre på at sekkane no er nede i 20 kg. Marita set sekken sin på vekta... 26kg. What? "Vekta mi er riktig altså!" Forsikrar Jens oss.. Elisabeth sin sekk på vekta... 25kg. Hmm.. Jaja... Det er ikkje meir å hive ut av sekkane, v får berre ete dei ned i vekt. Så går vi innover vidda, snøen helde oss og vi kan spasere på skiløypa. Gnagsåra verker, men det er ikkje meir å gjere med dei. Etter ei lita stund må vi stoppe, Marita verkar i foten og tena er heilt nummne... På med joggeskoa. Det vart betre. Vi går og går og nyter å gå i fjellet igjen. Vi passar på å snu oss ofte, nydelege Rondane langt der bak. Det er så fantastisk. Vi er storfornøgde både med sekkar og fjellheimen.
Vi skal over fjellet, ned i ein dal. Der er traktorstien rett gjennom elva, inga bru. Vi går litt opp langs elva for å finne ein trygg veg over, men innser snart at det luraste er å vade. Litt langt å hoppe frå stein til stein. Elisabeth får endeleg prøvd ut crocsa sine medan Marita skiftar til dei trange fjellskoa. Beina til Elisabeth nyt turen gjennom elva, eit par sterke ibux og litt healing fjellvatn dempar smertene.. Opp på fjellet igjen, gjennom ein nydeleg dal. Ein fin stein, eit reinsdyrgevir (tippar vi)... Nedover mot neste dal byrjar helane til Elisabeth å få nok. Litt småsur og der byrjar stortåa å verke og. Sukk ikkje fleire gnagsår no. Marita foreslår at vi stoppar og ser på storetåa, Elisabeth har litt lavt blodsukker og gidd ikkje... Etter ei lita stond tek ho til fornuft og stopar likevel, stortåa er heilt fin, ein sjokoladebit og humøret er på topp igjen. Marita har spotta ein fin teltplass nede i dalen attmed elva. Dit må vi kome oss. Vi traskar vidare. Sola skin, vindstille. Vi gledar oss til ei natt i telt. Endeleg nede, hengebrua over elva er lokalisert, vi fyller vatn og går opp ei bratt skråning til den etterlengta teltplassen. AAUUU! Elisabeth hyler, Marita står forskrekka og ser på, halte, hinke, av med sekken. Krabbe opp bakken, shit kva skjedde? Marita tek seg av sekken og grev fram førstehjelskrinet. Elisabeth set seg i mosen og lirkar av seg skoa. Blemma på venstre hel har sprøke. Wæ! Det er ikkje anna å gjere enn å la foten få kvile. Marita set igang opp med telta, Elisabeth sit på rompa i mosen og tek seg av vannkoking og organisering av middag og chips. Marita riggar til soveposar og liggeunderlag. Snill!! Og så er det mat. Vi set oss og nyt naturen, varmen frå sola som er på veg ned bak fjella. Det er det her vi har gleda oss til. Campe i varm lyng og mose, sitte ute til sola går ned, ete middag, ein liten sup cognac for smerten og kosen. Vi kjem ikkje over kor fantastisk det livet her er. Vi kryp ned i posane med varmeflaska og sovnar me kvart vårt smil om munnen!

























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar