søndag 27. mai 2012

Dag 52: Vera - Lakavatnet

19 km
9 timar

Vi prøvar å stå opp tidleg, klokka vert halv ni før vi sit med frukosten. Kroppane er slitne og vi er stille, ingen klarer å sei noko, energinivået er lavt... Vi pakkar telta og sekkane og er klare for å gå vidare. Elisabeth spør om Marita er klar... Marita ristar på haude, tårene trillar, eg er så jævla svolten, korleis skal vi klare å kome oss til Nordli med så lite mat? Elisabeth prøvar å trøyste, vi skal klare det her og mat skal vi ordne på vegen. Vi skal jo innom ein fjellgård og ei hytte, vi får ete alt vi klarer der. Og så tek vi ein middag til lunsj i dag. Det treng vi faktisk. Vi pratar om vegen vidare og finn ut at dette må vi faktisk klare. Med litt bedre mot lessar vi sekkane på ryggen og går ut på vegen. Vi fantaserar om at det står eit skilt til ein jokerbutikk rett rundt hjørnet.. Men den gang ei... Jaja.. Vi tenker på korleis det er heime, 7eleven butikkar på kvart hjørne, alt er så tilgjengeleg, det gløymer vi å sette pris på i kvardagen. Vi tenker på barna i afika og får sett ting litt i perspektiv, detta her er jo eigentleg ingenting, ein klarer å gå svolten eit par dagar. Det her har vi jo tross alt valgt sjølv og det er vi som har planlagt maten til turen så det er ikkje synd i oss, ikkje i det heile tatt faktisk, vi må ta konsekvensane og lære av det. Men det er sunt å føle på slike følelsar. Vi skal iallefall aldri meir klage på at det er pes å gå å handle i ein matbutikk, heller tenke på kor heldige vi faktisk er som har mulighet til det. Marita har fått tilbake gnisten og synes det er heilt latterleg å grine over svolt, det har ho ikje gjort sia krabbestadie, ler ho.
Dagen vert finare og finare. Sola bryt gjennom skylaget og vi kosar oss på tur igjen. Vi føl ein merka sti opp på fjellet, så startar moroa, vi skal navigere oss vidare sjølve. Dette vert spanande. Vi studerer kart, terreng, rutevalg og tek ut eit par kompasskursar, sjekkar gpskoordinatane titt og ofte, joda vi er på riktig veg. Vel oppe ved Klumptjønnin, der vi eigentleg skulle ha campa til i dag, unnar vi oss ei lang og god pause i solsteiken. Vi tek oss til og med ein middag.
Det er ikkje berre enkelt å navigere seg gjennom eit landskap med umarkerte haugar som liknar fjell på kartet men ikkje viser så godt igjen i landskapet som vi, spesielt Marita, skulle ønske... Men med nok ei påminning om høgdekurver og 20m ekvidistanse lærer vi oss etterkvart å lese terrenget... Vi føler verkeleg vi lærer mykje kvar einaste dag. Vi tek eit par kompasskursar og kompasset viser veg. Vi finn "fjella" vi har leita etter, Hitre- og Nordre Seterfjellet, og følgjer vestsida av desse fjella til vi går ned i dalen. Sola skin på leggane til Elisabeth, som har drista seg til å ta på shorts... Marita ropar, Elisabeth, leggane dine er litt raude.. Shit, dei gløymde eg visst å smørje... Av med shorts, på med bukse.... Første solbrenning! Det måtte jo skje ;-) Vi ler litt av tabba og traskar ned i dalen. Der finn vi oss ein nydeleg lyngflekk og bestemmer oss for å campe, ved Lakavatnet.
Etter å ha rigga oss til, sett opp telt og skifta til tørre sko og kle, kjem vi på at vi må jo ha vatn. I dei tørre skoa våre listar vi oss bortover snøen og ned til det vesle vatnet, som vi trur er Lakavatnet.. Vi får tak i litt smussete overflatevatn og klarer sovidt å halde oss tørre på beina.. Vi ler, neste gang hentar vi vatn først! Til middagen og kveldsteen ser vi sola gå ned bak Skjækerfjella! Og i natt har vi begge eit perfekt, flatt og mjukt underlag av lyng! Snork!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar