søndag 27. mai 2012

Dag 49: Angeltjønnhytta - Ferslia

17 km
6,5 timat
Ein heil haug høgdemeter... (Iallefall 300...)
Etter ein våt 17. Mai sendte vi varme tankar og bøner til sola om at fineveiret skulle kome tilbake... Marita var som vanleg oppe tidleg og fyra i ovnen, Elisabeth kom dinglande etter kvart og sette igang med pannekakene... "Eg trur det må vere noko gale med denna steikeplata... Eller oljen..." Den første pannekaka blei heilt katastrofe... Jaja.. Prøvar igjen.. Den andre svir seg.. Æsj.! Vi har jo berre røre til 5stk. Konsentrasjon... Brannalarmen ular.. Ååå.. Marita kjem til unsetning, røskar ned alarmen, opp med vindauga. " Skal eg ta over?" Nei, det her skal eg klare! Herlighet! Den tredje går bedre.. Pjuh! Masse smør og litt svakare varme, tolmod! Jippi. Det gjekk. Vi nyt pannekaker med Meråkerhonning og blåbærsylte! Hurra! Det var lenge sia.. Vi hugsar faktisk ikkje sist vi fekk blåbær på... Nam!
Ute ular vinden, og bittesmå snøflak dansar i vinden. Vi skal opp på fjellet og nedatt på andre sida, ikkje så langt, men det blir bratt! Det er kaldt, vi kler godt på oss og så ber det avgårde. Marita i spissen, ho er sjefsspottar av dei raude merkene på trea. Vi kjem til første store elv, hengebru. Litt småskummelt, men vi er veldig takknemlige for brua. Det går bratt, nesten rett opp på andre sida.. Konsentrasjon. Melkesyra kjennast godt, og Marita har det litt tøfft. Elisabeth tek over leiinga, det er ikkje lett å finne dei raudemerkene når vi er komne over tregrensa, litt tipping må til. Marita slit med å skjønne terrenget. Vi er jo så godt vant med markerte toppar, det her er jo berre haugar. Kor skal vi? Kvar er toppen vi skal rundt? Elisabeth har ikkje peiling, men latar som, og trur ho har kontroll. Vi skal opp her. Det her går bra! Berre rundt den skrenten og so er det over der borte! Marita er skeptisk, men stolar til slutt på Elisabeth sin påståelighet. Rompa skrike av melkesyre og låra er tunge som bly. Det er ikkje lett å halde humøret oppe.. Men Marita tenker på Bjørn Dæhlie som sa at når ein trur ein ikkje klarar meir, så har ein 60% igjen å gje, så her er det berre å sette ein fot framfor den andre og fortsette. Elisabeth finn vegen opp på fjellet. Litt tipping og litt logikk, der var den raude prikken på ein stein. Pjuhh! Vidare. Det går. Vi er snart over. Vinden prøvar å velte oss, men vi har god erfaring etterkvart så den kvelvar ikkje oss. Vi rundar toppen og finn den eine raude steinen etter den andre. Vi er over. Vi har droppa både drikking og matpausar, ein brownie frå lomma er einaste matbit på fleire timar. Vi veit det er idiotisk, men når det er så krevjande veir vel ein vekk mat og drikke for å halde varmen. Vinden løyar litt på andre sida av fjellet og vi tek oss ein kort drikke og matpause. Vi tek ei kjapp vurdering og vel å gå ned i dalen og finne skiløypa til Ferslia istadenfor å følje sommarruta oppatt på fjellet. Vel nede i skogen finn vi ein fin stein bak ei svær gran, ly for vinden og jammen klarer sola å presse seg veg gjennom skylaget og varmar og tørkar to våte og kalde jenter. Lykke. Vi sit ei god stund og nyt varmen frå sola. Vi pratar om kor gla vi er for at vi er to på tur og at vi klarer å utfyle kvarandre så bra. Igjen og igjen viser vi at når den eine slit mest så klarar den andre å finne dei ekstra kreftene og dra, orientere og halde roa. Det er eit superteam! ;-)
Etter pausa går der greit nedover lia. Vi finn skiløypa og sola varmar så vi kan ta av jakka. Løypa endar i ein skogsveg og vi trakskar nedover mot hytta. Litt knoting med å finne den, på grunn av ein ny veg som ikkje var på kartet vårt, men ved hjelp av google, og litt leiting så fann vi hytta tilslutt. Ferslia viser seg å vere ei ganske ny hytte. Kjempe fin! Vi får oss ein lang kveld til avslapping, kos, tøying av stive kroppar og til slutt litt hjernetrim frå påskequizboka til hjemmet. Vi tek barnequizzen først og føler oss smarte. Er ikkje vits i å quizze oss om ting vi ikkje kan, så vi kan krype i seng med sjøltilliten på topp!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar