onsdag 16. mai 2012

Dag 45: Nedalshytta - Storerikvollen

20 km
6,5 timar
Sola skin. Hurra! Hytta er varm! Takka vere varmeovnane i stova. Marita er, som vanleg, først oppe. Medan Elisabeth er plaga av tette dobesøk på kvelden, er Marita si blære full tidleg kvar morgon. Fint for Elisabeth som kan stå opp til varme og oppkokt vatn kvar dag, litt kjipt for Marita som alltid må først opp ;-)
Vi er klare, regntrekka er på sekkane, føre var etter gårsdagens erfaring, men kompasset er gått kruken. Knekt og væska er lekka ut. Æsj. Vi går dit vi trur er nord, Marita har spotta pålane, ja, her er løypene merka med digre staur som tydlegvis er heilårsmerking, noko vi satt å funderte på i gårkveld kva var fornoko.... Skiltet peikar mot Storerikvollen og staurane viser veg. Vi går i eigne tankar og følger pålane... Elisabeth?? Er du sikker på at dette er riktig veg? Hmmm.. Neei, det føltes jo ikkje heilt rett da.. Fram med kart og gps, korleis var det med det kompasset på gpsen? Marita har aldri skjønt seg på det... Vi står der og lurer... Hmm.. Elisabeth tek gpsen og trykker litt, går litt og så skjønnar ho kompasset.. Aha! Der er nord! Peikar. Hmm.. Då passar iallefall ikkje denna løypa... Vi bestemmer oss for å gå tilbake til hytta, starte på nytt. Eit skilt peikar i riktig retning. Skiløype! Aha! Pålane går riktig veg og vi er endeleg på vei. Vi er endeleg vortne ven med trugene begge to og det går radigt oppover fjellet. Vinden er meldt like sterk som i går, men i dag er vår retning den same som vinden. Vi nesten spring avgårde, heilt til vi må endre retning... Vi ler, det er komisk å nesten ikkje klare å halde seg på beina.. Men i dag skin sola, vinden er "varm" og det går mykje betre enn i går. Vi stoppar, Marita kjem gåande mot Elisabeth. Skal til å sei noko... Plutseleg kjem eit vindkast og Marita deisar rett i bakken, Elisabeth hoppar tilsides og skrattler! Haha.. Oppigjen! Vi nyt ein nydeleg utsikt! Fjell så langt auga kan sjå! Det her er heilt fantastisk! Lunsjen blir fortært bak ein perfekt plassert stein. Litt formykje mat... Det blir tungt å gå. Pause! Vi finn ein flekk med lyng og legg oss strake ut! Åhh.. Sjå kor fort skyene flyge over himmelen!
Når vi nermar oss hytta svingar stien plutseleg mot sør. Oj. Motvind. Wææ! Det går sovidt framover. Herlighet kor gla vi er for å ha hatt medvind heile dagen. Endeleg er hytta der, skal bli godt å få litt ly for denna vinden. Kvelden vert nytta til ein skikkeleg strekk av såre musklar! Tøy og bøy det trengs!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar