søndag 27. mai 2012

Dag 57: Storosttjørna sv - Nordli

14 km
7 timar
1 vading

Marita er ute på do kl 0530. Sola skin og står høgt på himmelen, ho legg seg fornøgd nedatt i soveposen og får seg sovidt ein time søvn før vi skal opp, vårt nye mål er å stå opp kl 0700, men klokka blir fort 0715 før vi klarar å tvinge oss ut av posane.. I dag skal vi på bensiinstasjoon! Elisabeth ropar av glede til Marita i det andre teltet... Hurra!! Ute har tåka lagt seg tjukt rundt teltet.. Jaja.. Vi er jo blitt gode på kompasskurs, og det regnar iallefall ikkje. ;-) Det er kaldt ute, så vi et frukosten i telta. Det tek litt tid.. Elisabeth har, av ein eller annen grunn spart opp til to frukostar og tek ein dobbel havregrautporsjon. Det mettar godt i svolten mage. Klokka 0850 står vi pakka og klare for avmarsj. Tåka har letta litt så vi kan følge nordsida av dalen utan å tenkje så mykje på kompasset. Begge to er slitne, detta er 14. dagen på vandring, det skal bli så utruleg herleg med ein kviledag no. Vi sjanglar bortover snøen, vi ler litt, det her er jo verre enn ein sein laurdagskveld med litt for mykje innabords. Vi tek ein pause i lyngen. Et litt kjeks og ein browniebit, legg oss på rygg. Sola har pressa seg veg gjennom skylaget og varmar. Vi ligg ei stund til. Tenker på bensinstasjonen og fantaserer om alt vi skal kjøpe oss. Så går vi inn i skogen. Litt verre å finne ein fornuftig veg her.. Men vi er blitt godt vande, set kurs for myrene og følgjer dei bortover mot den etterlengta skogsvegen som skal føre oss ned til veg 765 og taxi! Først må vi over ei elv, vi har jo erfart at det luraste er å krysse før to elver blir til ei. Vi møter elva og går ein rekogniseringstur nedover, hurra! Ei snøbru over den første elva. Den andre er det verre med, men litt lenger oppe finn vi ein grunn plass det går an å kome over, men først må vi spa vekk litt snø. Snøen ligg langt utover elvebreidda og vi vil helst ikkje dette gjennom. Vi brukar trugene, hakkar og grev i snøen. Åååååneiii! Truga mi! Elisabeth har mista truga uti elva, den flytnedover. Begge reagerer lynraskt, spring nedover elvebreidda og Elisabeth kastar seg ned, men får ikkje tak. Marita spring vidare og klarar på mirakuløst vis å ta ta i truga før ho forsvinn. Å herregud! Marita får ein bamseklem. Tenk om eg måtta gått vidare med berre ei truge! Hjertet dunkar og lettelsen er stor!! Vi pustar letta ut. På med crocs og over elva. Det går fint, igjen! Sola varmar og tørkar oss og vi er klare for siste kraftanstrengelse mot vegen, gjennom skogen. Tett skog. Og igjen, masse tre som er brotne av på midten.. Kva er det som har herja her? Elisabeth trur fortsatt at det må vere Bjørn, dei klatrar sikkert opp i trea slik at dei brotnar, så kan dei slikke i seg alle insekta inni stammane.. Tenker på lærdommen frå barnetv og barnebøker... Men det må jo vere sjukt mange bjørnar... Hmm.. Vi får spørje nokre lokale når vi kjem til Nordli. Oj, kva var det? Ein diger fugl spring flaksande vekk frå under eit tre. Rype? Den var jo så diger? Oj, sjå egga! Vi tek eit bilde og fortar oss vekk. Endeleg, etter litt knoting i skogen finn vi myra og vegen. Åå! Vi føler oss nesten framme, kan slappe av, berre å følge vegen ned til hovudvegen.. Åå.. Sjå der, kva dyr er det? Det må vere ein grevling, så liten den er. Den kjem valsande mot oss. Rekk akkurat å få eit bilde av den før den forsvinn ned i skogen. Trudde grevlingen var større. På "flukten frå dyreskogen var den kjempestor.." (barnetvserie) Elisabeth funderar litt over om grevlingen var blind? Jo trur det, men er det ikkje eit nattedyr? Hmm.. Den er sikkert litt døgnvill.. Det er jo lyst døgnet rundt her oppe i nord... Etter ei stond vert vegen bar. Av med truger og gamasjar. Herleg. Beina føles lette som fjær utan truger. Vel nede ringer Marita etter drosje, men drosja i Nordli er opptatt, vi må ringe Sørli. Ja den kan kome, men det tek ca 40min å køyre til dit vi er. Jaja, vi har jo fått dekning på mobilane, sola skin. Vi nyttar tida til å oppdatere oss på vekas hendingar på fjesboka.
Taxisjåføren er ein ung kar frå Sørli, han kan fortelje oss at det ikkje er bjørnen som veltar tre...hmm.. Elisabeth veit ikkje om ho trur heilt på han... Det er mest sannsynleg rotne tre som berre knekk... Kjedli! Jaja.. Klokka er litt over halv seks, vi byrjar å bekymre oss for om bensinstasjonen kan vere stengt. Vi ringer til Astrid, som vi skal leige hytte hos. Ho seier at bensinstasjonen stenger klokka 18. Vi rekk det akkurat. Spring inn og handlar, brød, pålegg, juice, chips, smør, snop... To digre handleposar. Pjuhh! Vi lokaliserer huset til Astrid og får tildelt ei utruleg kosli hytte heilt nede ved Laksjøen. Der lagde vi oss to pizzaer, ein grandiosa med peperoni og ein bigone. Nam. Litt chips og snop. Magane er fornøgde. Vi sit ute i solsteiken til sola går ned og kan legge oss og glede oss over å kunne sove så lenge vi vil i måra. ;-)







2 kommentarer:

  1. Haha, til det med trugene. Ser dere for meg, kaster dere uti elva. Dere er flinke! :)

    SvarSlett
  2. Hehe.. Ja det var litt av eit stunt! Gla for at Marita var rask på labben og kjapp i klypa ;-) hadde ikkje vert så kjekt å gå vidare med ei truge.. Pjuhh!!!

    SvarSlett