onsdag 9. mai 2012

Dag 36: Rondvassbu - Dørålseter

16 km
9 timar
Etter ei varm natt (utruleg nok) i teltet, takka vere varmeflaskene måtte vi tvinge oss ut av soveposane til ein kald, men fin morgon. Marita er, som vanleg tidlegast oppe, Elisabeth slit litt med motivasjonen. Kroppen verker, har ikkje lyst å ha den fæle sekken oppatt på ryggen, burde ha ete meir i går, men var for sliten. Etter ein psykisk kraftanstrengelse kjem og Elisabeth seg ut av posen og teltet, opp i dei frosne skoa... Klar med grautskåla. Etter å ha kokt opp vatn vert vi einige om å setje oss tilbake i soveposane og ete frukosten. Hurra, varme igjen.
Etter å ha pakka saman og fått sekkane på ryggen, set vi kursen over Rondevatnet. Vi er så glade for at vi kan gå på vatn! Tenk om vi hadde måtta opp på fjellet med dessa forferdelege sekkane. Vi går ganske fort over det flate vatnet... Ca 3,5 km/t, altså iallefall fort i forhold til gårsdagens tempo som låg på gjennomsnitt 1,4km/t... Når vatnet er slutt startar oppoverbakkane og melkesyra er tilbake.. Elisabeth kan eigentleg ikkje skjønne at det går an, men beina bevegar seg slik haudet bestemmer. Trosse all smerte, tenke positivt, terskeltrening, det har eg høyrt skal vere bra... ? Føles jævlig, då må det vere bra.. Etterpå... I kvar ein liten pause nyttast tida godt til å legge seg flat på ein stein... Det tek på psykisk å ha vondt, det einaste som driv oss  er at detta har vi bestemt sjølve, vi vil jo det her. Men når vi har så vondt at vi er kvalme, er det vanskeleg å tenke positivt. Elisabeth kjem med eit godt tips (vel utprøvd i smertefulle fysioterapibehandlingar) Når det gjer så ilt at ein har lyst å grine, så LE! Latteren gjer oss ein mulighet til å lage lydar, og den gjer oss i betre humør uansett kor jævlig.. Vi går for den, og det funkar... Vi ler oss gjennom skråningar, oppover og nedover bakkar, oppgitt latter, smertefull latter, "det her er heilt latterleg" latter... Vi kjem ned i dalen, det minkar med snø, ein liten stopp, vi nesten detter ned i mosen, heilt utmatta. Etter å ha stappa innpå ein browniebit, ser vi det. Mose, varm og deilig mose! Hurra! For ein fantastisk følelse å sitte i varm og tørr mose! Nyte!
Vi går vidare.. Tenker på at vi iallefall får utvida smertegrensene våre.. Marita tenker litt på om kanskje skoa hennar er eit halvt nr for små... Skulle kanskje prøvd dei før vi starta turen? Hehe... Tena er numne og vonde, men vidare må vi. Og der! Der ser vi hyttene.. Rett der borte. Hurra! Vi går 100 meter og så ser vi det... Eit juv.. Herlighet korleis skal vi kome over det her, og den snøbakken rundt fjeller ser altfor skummel ut. Åneii... Må vi gå over fjellet? Panikken byrjar å bre seg.. Marita nektar å innsjå at vi må over fjellet, tek av seg ryggsekken og trakkar seg bortover skråninga. Elisabeth står att med hjertet i halsen, tørr ikkje håpe, tørr ikkje sei noko, det er langt ned til elva i juvet, ikkje dett no Marita! Det går heldigvis bra og bakken er visst ikkje så skrå som den ser ut. Vi går. Skummelt, veltar vi her.... Elisabeth kjem med ein safety instruks, ta trugene på hendene, klare til å hogge i snøen dersom vi skulle dette.. Og så går vi... Vi veltar ikkje, men det er tungt å gå, vi synk igjennom, Marita går fremst, synk til knea, låra, går og går... Elisabeth tek ein variant på knea, det funkar... Endeleg kan vi ta på trugene att. Men der inne i bjørkeskogen synk dei og gjennom. Vi kavar oss fram, detter, opp igjen, av og på med trugene.. Prøvar å ikkje bli sinte... Hehe.... Eit par banneord sleppe ut gjennom bjørkeskogen då både sekk, truger og panneband heng seg fast i kvistane... og der er brua. Over elva, mot hyttene der i skal slå opp telta våre. Gledar oss, jobbar ekstra dei siste kilometrane... Skal vi gå til øvre eller nedre Dørålseter? Elisabeth stemmer for nedre (orkar ikkje ein bakke til med denna sekken)... Marita gjer etter og vi går til Nedre. Finn ein fin teltplass i le for vinden og går for å finne vatn. Trur der renn ein bekk forbi øvre setra, vi går opp... Der ser vi til vår undring at DNT låsen heng på døra.. ? Skulle ikkje hytta vere stengt? Hmmm... Vi tek sjangsen, hentar sekkane og låser oss inn i hytta. Hurra! Vi kan sove inne i natt! ;-)
Vi snakkar om dagen framfor peisen, eit lite glas cognac, det fortenar vi. Vi er einige i at det her går ikkje. Vi kan ikkje fortsette med så tunge sekkar... Så set vi fokus på det positive som har skjedd i dag, vi skriv ned 5 positive tankar om dagen:
- Vi kunne gå på vatnet!
- Sola skinte og naturen var nydeleg
- Vi var flinke til å gje kvarandre positive oppmuntringar og ord når vi begge sleit som verst
- Den varme og tørre mosen, ein smakebit på det som ventar
- For kvart steg vi tek vert vi sterkare både fysisk og mentalt!

Og til slutt; Hytta var opa! Herlighet kor heldige vi er! Og herlighet kor sterke vi er!














3 kommentarer:

  1. Fy søren kor tøffe dokker e! :-) Helga

    SvarSlett
  2. Utrolig tøffe! :oD
    Regner med dere finner på noe lurt med de tunge sekkene.
    Skikkelig gøy å lese om dagene deres.
    God tur videre!
    cecilie

    SvarSlett
  3. Takker! Sekkene har blitt betraktlig lettere ja. :-)
    Superkjekt at dere følger med! Nå setter vi straks kompasskurs nordover igjen. :-)

    SvarSlett