onsdag 6. juni 2012

Dag 63: Nedre båttjønn - Susendalen (Øyum)

15 km
7 timar

Jippi! I dag skal vi ned frå fjellet!! (???!!!)
Motordur, nærmare og sjukt bråkete! Vi er lys vakne på eit blunk! E dokker våken? Høyre vi stemma til Samen utanfor teltduken. Jada! Elisabeth prøvar å høyrast våken ut. Han kjem med ein boks med gass til oss, sender den under teltduken! Ååå! Tuusen takk! Så utruleg snilt! ;-) Det varmar veldig at nokon brur seg om oss her oppe i fjellet. Vi sovnar att med smil rundt munnen, gla for å kunne sove nokre timar til. 05.30 er litt for tidleg for oss... Vi har bestemt oss for å sove til vi vaknar. Klokka vert 9. Elisabeth kjem seg først ut av teltet. ENDELEG!! Fyrer opp primus og byrjar med snøsmelting. Marita som har kome ut (ca 2 minutt etter) oppdagar ope vatn bak hytta. Åhh.. Bra. Elisabeth forlet jetboilen og spring for å hente vatn. Men æsj, der ligg det eit dødt lemen oppned med beina rett ut akkurat i utløpe til den lille bekken. Tørr ikkje hente vatn der. Hoppar på eit par steinar lengst muleg vekk frå det døde dyret. Hoppar tilbake og ser dampen frå jetboilen, shit. Set inn spurtgiret oppatt mot hytta. Pjuhh. Marita har stoppa gassen. Heilt utslitt etter spurten så tidleg på morgonen (faktisk den første springetur på 2mnd) må Elisabeth sette seg ned eit lite minutt. Vi hentar oss eit par krakkar frå hytta og sit i solveggen og nyt frukosten.
I dag er det berre å følge scooterspora tenker vi, dei går iallefall i riktig retning. Snøen er hard og fin å gå på, heldigvis. Vi går oppover, har eit par pustepausar. Vinden er kald, Elisabeth frys på beina, våte og frosne sko tek si tid å varme opp. Det gode humøret frå morgonen byrjar å forsvinne. I dag er det 1.juni, vi vil jo ha sommar. Ikkje gå å fryse i vinter wonder land. Snøkrystallar i snøen, det er heilt nydeleg ute. Mange flotte og majestetiske tindar rundt oss på alle kantar. Så går scooterspora i heilt feil retning, vi innser at vi må klare oss sjølve. Elisabeth går fremst og har skjønt kor vi skal gå, Marita er ikkje med. Ok. Her er det berre å stoppe opp, vi finn ein pitteliten lyngflekk, kostar vekk eit par døde dyrerestar før vi set oss ned. Går gjennom ruta, kartet, ser på terrenget. Begge er med, vi veit kvar vi skal gå.
Etter nokre timar høyrer vi scooterdur. Og der kjem vår venn. Har dokker ikke kommen lenger? Med denna farten kjæm dåkker ikke til Nordkapp før til hausten! Haha.. Vi ler og seier vi måtte ha litt meir skjønnhetssøvn etter han hadde vert innom. Så vart seint igang som vanleg. Han fortel at han er ute og passar på reinflokken som han eig ilag med to andre. Det er kalvingstid og vi går midt i kalvingslandet. Vi hadde nok ikkje fått gått der viss ikkje han hadde hatt kontroll på oss, ler han.. På andre sida av vatnet ser vi ein flokk med rein, vi forsikrar han om at vi skal halde denna sida og han forklarar oss vegen ned frå fjellet. Det gjeld å gølge ryggen og finne scooterspora så kjem vi til ein gamal traktorveg. Ok. Vi skjønar! Vi takkar for all hjelp og skiljast. Så tek vi oss ein lenger lunsjpause på ein knaus. Det er ikkje langt igjen no. Låret til Marita verkar og Elisabeth prøvar så godt ho kan å finne den mest skånsame vegen ned frå fjellet. Til slutt finn vi scooterspora, prøver å følgje dei, men det er ikkje så lett, ein bekk ledar oss ut av kurs og plutseleg står vi der midt i tjokkaste gran- og bjørkeskogen med trugene våre. Æsj. Sjekkar gps. Ups, litt nært kanten på skrent ned til elva. Vi tek ut ein kompasskurs mot vegen. Kjempar oss gjennom den tette skogen, tenker at vi vert skikkeleg gode på trugemarsj i absolutt altslags terreng. Der er "vegen". Vi kan ta av oss trugene og gå ned til grusvegen. Der får vi overnatting på Sørgården. Ein gamal restaurert gård. Kjempekos. Med dusj, varmkablar på bade, handkle og reine sengeklede som lukta sommar. Etter å ha fiksa eit litt trøbblete vannopplegg set Einar seg ned i stova hos oss og slår av ein hyggeleg prat. Glade og fornøgde kryp vi til køys i det fantastiske sengetrekka. Lykke!!!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar