lørdag 30. juni 2012

Dag 84: Bodø

I dag er dagen. Vi skal på guida tur på Saltstraumen i rib. Sola skin og varmar frå bortimot skyfri himmel. Vi tek på oss shorts (iallefall Elisabeth) og singlet og spaserer ned til byn. Vi går ei lita runde i byn før vi traskar ned mot hurtigrutekaia. Der får vi vite at vi skal på tur med hurtigrutepassasjerar, dei er ikkje heilt sikre på om der er plass til oss, men heldigvis er der eit par ledige seter i den norske båten. På med drakter, huer, masker og vottar og opp i båten. Snittalderen vert trekt ganske kraftig ned av oss, men det gjer oss ingenting å vere på tur med spreke pensjonistar. Ute på fjorden seier guiden vår, ein ekte nordlending frå ein liten plass sør for Bodø, at dersom vi ikkje lærer noko nytt på denna turen så skal vi få pengane tilbake. Er det nokon so veit korti Bodø vart ein havneby? Ingen svarar, vi skjønar raskt at det blir ingen gratistur på oss. Guiden var utruleg dyktig vi kunne høyrt på han fortelje om historie, fugleliv, fisk og fjellformasjonar i timesvis og sluker kvart eit ord han seier. Desverre er det ikkje så mykje som klarer å feste seg i gullfiskhjernane våre, men her er det vi hugsar, med forbehold...
- Lundefugl, som vi var heldige å få sjå, kan dykke ned til 70 meter, men er ikkje så flinke til å fly!
- Under istida var det ca 3000 meter is over nordnorge og isbreane har forma det flotte landskapet.
- Grunnen til dei spisse fjella her i nord er bergarten granitt, som er svært sterk, difor brekk ikkje toppane av slik som skjer med andre bergartar.
- Dei fantastiske formasjonane i fjellet er danna då kontinentplatene amerika og europa (har sjølvsagt andre namn vi ikkje kjem på i farten) kolliderte og danna den norskefjellkjeda...
- Bodø er den byen i Noreg med høgast utdanna folk i forhold til folketalet. Bodø er og ein utdanningsby med over 6000 studentar
- Bodø er ein av byane i Noreg med størst folkevekst og er fylkeshovudstaden i Nordland.
- Havørna kan bli opp til 8 kg og ha eit vingespenn på 4 meter, ingen andre byar i verda har ein større havørnbestand.
- Saltstraumen er verdas sterkaste tidevannsstraum. Kvar 6.time oppstår tidevannsstraumen.
- Straumen er 3km lang og berre 150 meter brei på det smalaste.
- Vannmasser på nær 400 millionar kubikkmeter passerer i ein hastighet på opp til 20 knop.
- Straumen er verdskjent for havfiske og straumdykking.
- Bodø er og kjent for U2-affæra under den kalde krigen...
Etter ein fantastisk og lærerrik tur på sjøen tek Elisabeth turen på ein yogatime, det er faktisk yogafestival i Bodø, noko Elisabeth er nøydd å få med seg. Gratistimar er perfekt. Marita nyter sola i parken. Vi er trøytte og finn ut at vi legg oss tidleg og står opp tidleg i morgon og går på poweryoga før vi draf til Lofoten! God ide!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar