torsdag 21. juni 2012

Dag 79: Træna - Nesna

Vi søve til vi vaknar. For eit herleg liv. Sola skin frå skyfri himmel og austavinden er svak og fortsatt varm. Vi riggar til frukostbordet på terassen. Jordbær, mango, kiwi, cottage cheese, yoghurt, egg, knekkebrød, ost, kaffi. Det er heilt fantastisk å endeleg kunne nyte frisk frukt, melkeprodukt og alt anna enn havregraut. ;-) Det er rart korleis ein plutseleg set pris på kvardagsmaten. I solveggen er det varmt, vi sit i singlet og sveittar. Herleg! Etter frukost tek vi oss ein tur på øya. Opp mot ein liten fjelltopp, sauer, stup rett ned i sjøen og rett opp på fjelltoppen, her må det klatring til for å kome opp. Vi droppar det, og set oss på eit berg og nyt utsikta mot havet, de syv søstre, dønnamannen og blikkstille hav. Vi er blitt vande med å vere i bevegelse dei fleste timane om dagen, så vi tek sikte på neste lille halvøy, det er ein fasinerande natur her ute, fjella og berga går rett opp frå havet og det er ikkje lett å manøvrere seg dit ein skulle ønske. Men vi finn oss ein liten bakke og ein topp til med utsikt. Sitte i sola og nyt å vere ute i havet.
Tilbake i rorbua vaskar vi oss ut og legg oss strak i bh og truse på balkongen. Varmt, herleg! Ei av damene som styrer Træna rorbuferie køyrer oss og bagasje tilbake til kaia og vi tek oss ein tur på butikken igjen, ein is, litt kos og så er det hurtigbåt tilbake til Nesna. Karane på båten ler og hjelper oss atter ein gang ombord med kajakkane. Takk! Ombord på båten får vi tilbud om ein billett følget med turistar vi møtte på Træna, dei har ein til overs. Takk igjen! Vi får ein times pitstopp på Onøy og ventar på ein annen båt som skal frakte oss inn til Nesna. Båtpersonellet på denne båten er like hjelpsame med kajakkane.. Tilbake på Nesna reingjer vi kajakkane og innlosjerar oss i ei lita hytte ved sjøen. Tek ein tur på bensinstasjonen og handlar kjøttdeig til spagettien. Luksusmiddag! Magne hentar kajakkane og vi takkar for god service og tek farvel. Så bloggar vi litt før vi legg oss med vekkarklokka på tidleg for å rekke båten i morgon.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar