torsdag 21. juni 2012

Dag 77: Sleneset - Træna

Sola varmar på teltduken. Klokka er 0520.. Elisabeth er lys vaken, her er det berre å kome seg ut av badstua. Ute er det vindstille og regnbogen kan skimtast i det fjerne. Marita er ikkje vaken, så Elisabeth tek seg ei stille runde med kamera, sjekkar at kajakkane fortsatt ligg på berget og ser på fuglane som leikar og syng. Så kjem der ein dråpe, ein til.. Ok! Det er berre å evakuere inn i teltet att. Litt frukost.. Det regnar skikkeleg ute no. Då er det kanskje like greit å legge seg i soveposen att. Nesten sovna! Kva lyd er det der? Rype? Her? Skjønar ingenting, men det er Rypelyd, den lyden kjenner vi godt etter 2mnd med dei som einaste andre levande vesen rundt oss. Klokka 0730 er sola framme att og denna gangen er Marita kjappast ut av badstua. Detta har vi drøymt om så lenge, det å kunne vakne av at sola varmar opp teltet. Og no gjer jo det! Det er fantastisk. Men det byrjar å regne att og det er berre å ta ein ekstra lang morgon i soveposen før sola verkeleg har klart å fortrenge alle regskyer. Vi nyt ein lang frukost i lyngen. Får tørka litt kle og utstyr. Og der kjem rypa flaksande. Vi får konstantert at det faktisk er Ryper på øyene i Solvær.
Vi pakkar i kajakkane og er klare for å setje oss og padle avgårde, men kva er det der? Jo ein gedigen edderkopp i Elisabeth sin kajakk. Marita!! Kan du ta den? Marita trør til, skjønar at Elisabeth ikkje kjem til å setje seg ned i den kajakken før edderkoppen er vekk. Der gjøymer den seg sjølvagt under setet. Æsj. Ok, det er berre å stupe i det. Marita på haudet ned i kajakken for å lokalisere den. Elisabeth står på trygg avstand og fotograferar happeningen. Til slutt klarar vi å overmanne edderkoppen og vi kan padle ut av sundet og nyte dagen.
Vi padlar og padlar, sola skin og det er heilt fantastisk. På ei strand står ein pratsom mann som fortel oss om fiske her ute, det er visst veldig bra. I fjor var det ein som hadde fått ei Kveite på 150kg. Ellers kan han fortelje at då han vaks opp på Sleneset var det over 700 innbyggjarar, medan no er det rundt 3-400. Etter ei lita oppdatering på lokalhistorie padlar vi vidare. Det er så finti dag, vinden i ryggen. Vi kan eigentleg berre sitteheilt i ro og bli frakta av vinden.
Tilbake på Sleneset kai finn vi ei båtrenne ikkje så langt frå hurtigbåtkaia. Vi dreg opp kajakkane, kler oss om og går på kroa og et middag. Ein diger porsjon kylling, ein halv kvar faktisk. Ein mann på nabobordet spør om vi har tenkt å ete alt det der, meinar at innehavar av kroa prøvar å ta livet av oss... Vi berre smiler og gaflar i oss heile porsjonen! ;-)
No skal vi ta hurtigbåt til Træna, den går til Husøya, vi tenker å padle over til naboøya, Sanna, med dei karakteristiske fjella. Men først må vi frakte dei blytunge kajakkane til hurtigbåtkaia. Det er ca 200 meter. Langt nok for slitne bærearmar. Vi tek den tyngste først, går 10 meter. Elisabeth må ha pause. 10 metertil og ny pause. Shit. Det er så sjukt vondt for fingra og armar.. Hehe... Men vi må berre klare det. Så ser vi ein kar som har sitte på verandaren sin og sett på, han hentar bile sin, ein grøn pickup. Er det jomfruer i nød? Hehe.. Roar Johansen, eigar av den flotte rorbua nede ved kaja. Han klarer ikkje sitje å sjå på at vi slit oss bortover vegen med den tunge kajakken. Opp på taket med den. Elisabeth hoppar opp på lasteplanet og "held fast" kajakken mens vi køyrer for å hente den andre. Trur nok ikkje at det hadde vert stor hjelp i den fastholdinga dersom kajakken hadde bestemt seg for å dette av.. Vi ler. Jaja! Opp på taket med den andre kajakken og opp på lasteplanet med Marita og. Der sitte vi med beina i kors og hendene over haudet rundt ein kajakk vi aldri i livet hadde klart å halde att om den hadde bevega seg... Vi ler og er så utruleg takknemleg for hjelpa.
Nede på kaja kjem vi på at vi treng vatn. Vi går opp til Roar og spørr om vi kan få litt vatn, sjølvsagt kan vi det, det er berre å kome inn. Vi går inn i ei skikklig stilig leilighet, ganske så nyoppussa og flott. Roar fortel at han vaks opp her ute på Sleneset og at denna rorbua var i familien men vart solgt ut for lenge sia. Då den vart lagt ut for sal att for nokre år sia så slo han til og kjøpte og flytta heim til Sleneset. Vi har ein lang og kosleg prat før vi må gå til båten.
På båten vert vi møtt av nokre svært så hjelpsomme karar som lessar kajakkane på båten lett so berre det, Marita får vere med å bære, medan Elisabeth går bak og ser på.. Hehe.. Vi nyt ein fantastisk båttur frå dekk, får med oss Lovund og Træna som nermar seg... Vel framme vert kajakane lessa av i rekordfart og vi står på kaia og ser etter ein mulig plass å sette dei ut. Hmm.. Vi må visst bere dei ca 100m ok. Ein siste kraftanstrengelse. Vi skular på karane som sit og ser på oss, ønsker oss fleire av Roar sitt kaliber! Det går til slutt og vi kan sette ut på sjøen igjen. Det er vindstille, sol og heilt utruleg vakkert. Vi har snakka om at det er så vanskeleg å skildre det vi opplever med ord. Vi leitar etter ord som kan passe og det nermaste vi kjem er Priceless! Tida står stille, vi rundar neset og ser dei utruleg fasinerande fjella rett framfor oss. Stille, åre i hav, ei måke som skrik, stille! Vi står stille, vi nyt augeblikket. Skulle ønske vi kunne vere her, akkurat her, for alltid. Og vi skulle ønske vi hadde alle vi er glade i her med oss. Det er så vakkert, alle burde få oppleve dette vakre!
Vi padlar mot øya og der er sjølvsagt ei sandstrand ;-) vi seglar iland, dreg bagasjen opp opp og finn ein grasflekk med sol (midt i ein sti, kjærlighetsstien) her set vi opp telta. Vi pakkar tre cider kvar, varme klede, chips og musikkanlegg, så går vi opp til radarstasjonen på toppen av det andre fjellet frå venstre, viss ein ser på bilda. Radarstasjonen bygde tyskarane under krigen. Dei laga og ein tunnel gjennom dei to fjella ved sida av og opp. Der gjekk vi, med haudelyktene våre (ingen lys i tunnelen). Vel oppe set vi oss og ventar på midnattssola. Vi ventar oss at sola skal touche havet og så gå oppatt, men sola går aldri ned. Hehe... Bombe! ;-) Vi er der oppe til klokka er 0130. Sola er framleis ikkje gått ned. Det er kaldt. Vi går nedatt i telta og legg oss. Fornøgd med at vi har nytt sola frå klokka 0530 i dag tidleg til kl 0130 på kvelden. Det er vel ein liten rekord ein kan skryte av?! ;-)
Ein heilt utruleg fantastisk dag.

Kan anbefale alle å reise utover til Lovund og Træna. Det går hurtigbåt kvar dag frå Nesna og Stokknesvågen. Det er verkeleg verdt å besøke desse øyene som ligg så langt ute i havet og er så utruleg spesielle.
Vi kan og anbefale å leige seg kajakkar, vi brukte www.havogfritid.no, Magne er ein dyktig kajakkmann med mykje bra utstyr og gode tips! Veldig hjelpsom og hyggeleg er han og.
Nesna feriesenter kan og anbefalast til overnatting og turinformasjon. Veldig flott camping!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar