søndag 10. juni 2012

Dag 67-72 Umbukta / Mo i Rana (hvile uke)

Ca 0 km
Ca 0 timar

Kvileveka har vi slått saman i eit innlegg. Det skjedde ikkje så veldig mykje, her kjem ei oppsummering.

Dag 67: Umbukta fjellstove
- Frukost og bursdagfeiring (Marita) med sjokoladepannekaker
- Sovepose og bok
- Sovepose og iPod
- Liggeunderlag i sola med bok
- Sitte i sola på trappa med ein hundevenn og ei bok
- Middag på Umbukta med eit glas raudvin!
- Fjesboka er full av fine meldingar til bursdagsbarnet :-)
- Kvar si øl og sofaslækking.
- Godstemning og feiring med ei øl til ut i dei seine nattetimar.

Dag 68: Umbukta fjellstove
- Seint oppe og knekkebrød med spekepølse og peanøttsmør til frukost - havregraut fristar ikkje på ein kviledag
- Skyss til Rema. Hurra!
- Hamstra frukt, bær, grovbrød, yoghurt, melk, sjokkomelk, knekkebrød, karbonadedeig, løk og sopp - vi er skikkeleg leie alt søtt og feitt og usunn mat!! :-)
- Middag: Sunn fullkornspasta med karbonadedeig, løk og sopp :-) Nam!
- Sovepose og bok
- Sovepose og iPod
- Sofa og bok
- I seng kl 21

Dag 69: Umbukta - Mo i Rana
- Opp kl 7.37
- Grove rundtstykke til frukost
- 1/2 kopp kaffi, ups sjåføren vår vil reise kl 9.30
- Pakking, rydding, oppvask, stapping av bil, støvsuging og utkosting på 1 time. Ny rekord!!
- Biltur til sommaren!
- Sjekka inn på Fjordgården hotell og venta på Lena som kjem på besøk.
- Ventinga blei brukt til ei shoppingrunde: joggesko og joggesokkar (no skal vi ruste opp kondisen, vi har jo berre holdt på med lavintensitetstrim til no...), ein liten høgtalar (vi er klare for beachparty), springeshorts, sportsbh (eit par str ned), dongrishorts og sommartoppar til bylivet.
- Lena kom :-)
- Middag (salat) på kafe
- Avslapping på hotellet
- Middag
- Pubtur :-)

Dag 70: Mo i Rana
- Hotellfrukost
- Kiropraktorbesøk, Elisabeth og Lena gjekk 5km til Ytteren for å fikse tær og fingrane til Elisabeth (som har blitt litt nummen etter bering av tung sekk)
- Marita fortsatte shoppinga: Dongribukse og singlet (som skal sendast heim etter Mo)
- Klesvask i hotellvasken med milo. Vi ler høgt av det skitne vatnet, men som vi seier; who cares! ;-)
- Reker og kvitvin ved sjøen!
- Pubrunde!

Dag 71: Mo i Rana
- Hotellfrukost
- Skulle hente syklane, men vognene var ikkje skrudd saman.. Tek ikkje sjangsen på å skru sjølv, så det er visst berre å vente til Mandag...
- Avslapping på hotellrommet
- Soling i parken
- Avslapping på hotellrommet
- Tidleg kveld :-)

Dag 72: Mo i Rana
- Hotellfrukost
- Avskjed med Lena :-(
- Blogging
- Joggetur :-) (rastlause)
- Avslapping på hotellrommet
- Pizza på Dollies
- Avslapping på hotellrommet
- Italia - Spania utan lyd... Korleis gjere ein fotbalkamp meir interresant? Dikte opp vår eiga historie om kva som skjer på bana... ;-)
- Ser vår første nyhetssending på over 2mnd
- Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu, frå Bø i Vesterålen. Gjer oss ein smakebit på kva vi har i vente ;-)
- Avslapping i senga med bok.

Bilder?? Kamera har og hatt ei kvileveke. Vi kjem sterkt tilbake. No startar kysteventyret!! :-) :-) :-)

4 kommentarer:

  1. Dere er langt fra de første som har gitt opp og gå og gått over til sykkel! Jeg forstår dere litt, det er mange tøffe tak. Etappen fra Børgefjell til Umbukta var beintøff, med alle øst-vest dalene som måtte krysses. Opp på høyfjellet, ned i dalen - og det bare fortsatte. Nord for Børgefjell skiftet fjellene markant karakter. Umbukta og nordover var fint, men tidvis ganske tøff den etappen også. Vi gikk øst for Saltfjellet og videre til Sulitjelma. Nordre delen av Nordland var fin, men indre Troms var til å gråte av - det var fantastisk flott. Finland - Reisadalen - Alta var også en nydelig tur. Vi hadde også senere vår, men startet litt senere enn dere. Kystveien er sikkert flott, men dere mister også noen fantastisk flotte turområder nordover. Og dere sykler nesten halve landet, for det eneste dere går nord for Nordli er Børgefjell. Men jeg forstår dere godt, så det er sagt! Det er deres tur, det er viktig å huske! :)

    SvarSlett
  2. Nå har jeg oppdatert meg. En hvile uke høres deilig ut, og vel fortjent! Jeg er skikkelig imponert over dere altså. Kos dere masse videre, og nyyyyt Lofoten!! Høres veldig fristende ut, her jeg sitter midt i London-gryta med konstant veiarbeid og borring utenfor vinduet. Også om natta. TAKK GUD, det er bare 3 netter igjen:) Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var digg med litt kvile, men ein merkar fort rastlausheita. Godt å kome igang att og. Håpar siste dagane gjekk fint i London. Hardt med bybråket. Her i Bodø ligg flyplassen midt i byn. Vi trur hytta ska ramle ned kvar gang det kjem eit fly ;-) Velkomen heim til vakre Norge Tine :-)

      Slett
  3. Hei. Vi må berre få sagt at vi ikkje ser på endringa av rute som at vi har gitt opp noko. Heile poenget med turen vår er å kose seg på tur, nyte, slite, møte utfordringar og takle utfordringar. Vi skulle ønske at vi kunne oppleve fjella vidare nordover, men slik forholda er no ville det verken vert kosleg eller tilrådeleg å fortsette i fjellet. Snøsmelting, store elver og truger i minst ein mnd til ville etter vårt syn ikkje vert kosleg i det heile tatt. Vi har drøymt om å oppleve den nordnorske kysteventyret. Og no har vi mulighet til det. Det at vi valte sykkel vidare nordover gjer at vi har tid til å utforske kysten i kajakk og gå på fjelltoppar og ikkje minst nyte naturen og det å vere på tur igjen. Vi kjem definitivt til å reise tilbake å gå frå Susendalen til Masi seinare, dette er natur vi ikkje har lyst å gå glipp av, men vi vil gjerne oppleve den utan snø ;-) Vi ser ikkje på det som å miste naturopplevingar, men vel å glede oss over dei opplevingane vi får her langs kysten. Det er verkeleg verdt det og kan anbefalast ;-)

    SvarSlett