mandag 18. juni 2012

Dag 75: Tomma - Sandvær

Oj, varmt! Marita stuper ut av teltet i trusa. Sola varmar og det blir badstu i teltet. Detta har vi drøymt om lenge. Elisabeth vaknar, prøvar å få kontroll på kvar glidelåsen på soveposen er, ikkje få panikk! Der er den, riv opp posen. Kan puste. Åå.. Så utruli digg å vakne til sola som varmar opp teltet! Vi et frukost i strandkanten til skyene kjem og det blir kaldt.. Pakkar saman og dreg kajakkane ut i sjøen... Vi padlar vestover og rundar vestsida av Tomma, der ser vi dei kvite strendene vi er blitt lova. Vakkert. Vi nyt å berre sitte å sjå på den vakre naturen. Vi padlar nordover på vestsida og endeleg er vi på den krittkvite lange sandstranda. Vi går i land, sola varmar og vinden løyar. Godt med ein lang og god lunsj, det er nesten, men berre nesten fristande å bade ;-) Vi bestemmer oss for å krysse Tomafjorden over til Solværøyane. Det bles opp litt, men bølgene er ikkje store og det går fint å padle i motvind, mot bølgene. Vi klarer ikkje følge med på tida når vi padlar, merkar vi vert litt slitne på eit tidspunkt, vi padlar mot tre små øyer og kan kvile der ei stund, ete litt og nyte vindstille bukt, solskinn og samle krefter til den siste kryssinga av ope hav. Oj, Elisabeth peikar, sjå fuglen. Det må vere Lundefugl. Har aldri sett ein slik fugl før, men hugsar nebbet. Viss det ikkje fins andre fuglar med slikt karakteristisk nebb, så må det vere ein Lundefugl. Trur vi skal ta oss ein titt i fugleboka på eit tidspunkt. Det er så mange rare fuglar over alt, som vi aldri har sett før og det er plagsomt å ikkje finne utav ;-) På veg mot Sandværøya peikar Marita på ein "varde" på ein av holmane, sjå den beveger på seg. Oj ei Havørn. Svær ørn! Wooow! Det er utruleg fasinerande å sjå den store fuglen lettar og flyg avgårde, og vi er så nerme!
Det er vanskeleg å navigere seg fram blant dei hundrevis av holmar, øyer og skjær. Det blir mykje tipping, men vi tippar alltid rett til slutt. Vi finn fram til Sandvær, og der dukkar det opp ei heilt utruleg sandstrand! Woow! Vi campar her! I land, utforske øya, finne ein eigna teltplass litt i le. Elisabeth oppdagar spor i sanden, hmmm.. Kan det vere hjort her ute? Rein? Lurer på kva dyr som har spasert på stranda... Marita kjem tilbake frå sin ekspedisjon og kan fortelje at det er sauer på øya. Åå.. Ups, logisk. Sette seg ned i sola og ete middag i det fri! Vi føler oss verkeleg fri no! Det å kunne padle til vi finn ein plass vi har lyst å campe, slække i sola, utforske øyer og verkeleg nyte å vere på tur igjen! Vi kan ikkje få sagt nok gangar kor gla vi er for at vi har kome oss ned frå snøfjellet, vekk frå truger og kulde. Her er det så utruleg grønt, frodig, levande og varmt (iallefall i forhold til vinterfjellet).
Etter middag set vi på musikk på den nye minihøgtalaren og syng av full hals til Solskinnsdag med Postgirobygget! Vi har ein liten fight med maura som synes det er kjekt med besøk og har lyst å dele på alt. Vi gjer vekk litt chipssmular og kan fasinert studere den lille maura som dreg med seg eit dobbelt så stort chipsflak gjennom graset. Så spaserer vi ein tur over øya, lurer på om sauar kan svømme... Kan dei? Lurer litt på kva den grøne blomsten som veks i klynger heiter... Ser på sola og livet er verkeleg fantastisk! Vi sovnar til fuglekvitter og bølgeskvulp igjen! :-)























4 kommentarer:

  1. Nå ser det virkelig ut som om dere koser dere på tur igjen! Unner dere mange dager maed varme telt og baggy padlebukser ;o)
    Klem fra Silje

    SvarSlett
  2. Det sies at sauer har problemer med lukkenuskelen og derfor ikke kan svømme. Men det er kilder på internett/youtube som påstår de kan svømme.... En jobb for Mythbusters!

    Erlend

    SvarSlett
  3. Takk Silje! Vi koser oss! Kose deg på ferie! :-)

    SvarSlett
  4. Erlend: Noen dager senere så vi en artikkel i vg om to menn som reddet en sau fra sjøen. Artikkelen sa videre at sauen svømte for harde livet, men kom seg ikke på land pga glatte svaberg. Det kan jo tyde på at sauer faktisk kan svømme, men det hadde definitivt vært interessant å se ka Mythbusters fant ut om saken. :-)

    SvarSlett